FrP-politikar på Twitter: – Akkurat nå som det var min tur i justisdepartementet

Twitter koker over av justisministervitsar etter at FrP gjekk ut av regjeringa. Les nokre av reaksjonane her.

Peder Skjelten
Publisert
Oppdatert 30.01.2020 08:01

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Siv Jensen møtte eit samla pressekorps måndag ettermiddag. FrP-leiaren fortalte at partiet gjekk ut av regjering. Den beslutninga kjem etter fleire saker som dei andre partia i regjering hadde gått for, til misnøye for FrP.

Reaksjonane på Twitter var mange. Her er nokre av dei:

Innhaldsrik dag

Mykje skjedde 20. januar for politikar Sveinung Rotevatn (Venstre). Han hadde på dette tidspunktet ikkje fått med seg at Netflix skal kome med sesong to av Hjem til jul!

Alle skal få

Kjetil Alstadheim, journalist i Dagens Næringsliv, mistenker at fleire i FrP kan føle seg snytt av at partiet er ute av regjeringa:

Også stortingspolitikar for FrP, Roy Steffensen, harselerte litt med den hyppige utskiftinga av justisministrar.

Dusteforbod

Segway var forbudt i Noreg fram til FrP kom inn i regjering. Komikar André Ulveseter påpeikar at  partimedlemane kan bruke det på veg ut.

Frå spøk til alvor

Leiar i Miljøpartiet dei Grøne fryktar at eit FrP ute av regjering kan få negative konsekvensar for klimapolitikken:

Det var fleire årsaker til at FrP forlét regjeringa. Siv Jensen uttalte til Dagbladet at begeret var fullt, noko som har blitt sagt tidlegare:

Feiring

20. januar blei ein festdag. Emil Aasheim frå FpU feira at partiet var ute av regjering, det same gjorde Simen Bondevik frå KrFU.

Vi tek med endå ein justisministervits på slutten:

https://twitter.com/bstandal/status/1219250135298904064?s=20