Meir til fattige land

Regjeringa foreslår å auka satsinga på rein energi, kvinner, likestilling og nødhjelp i fattige land i revidert budsjett for 2012.

Arnt Olav Foseide
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Medan resten av Europa kuttar i budsjetta, kan vi satsa. Då er det viktig at vi viser internasjonal solidaritet, seier utviklingsminister Heikki Holmås.

I bistandsbudsjettet foreslår regjeringa mellom anna 56 millionar kroner meir til nødhjelp, humanitær bistand og menneskerettar. Pengane skal støtta arbeidet for å unngå kriser og naud i område som er spesielt utsette for katastrofar.

Det blir også føreslege å gje 25 millionar kroner meir til FN, der pengane skal gå til FNs kontor for koordinering av bistand (UN DOCO).

Som eit ledd i den internasjonale satsinga på tilgang til energi for alle, vil regjeringa gje 25 millionar kroner meir til rein energi, mellom anna gjennom Verdensbanken.

Ifølgje regjeringa er mangel på energi ei av dei største hindringane for at tusenårsmåla blir nådd. Det blir difor føreslege at det blir løyvt 19 millionar kroner meir til fagleg hjelp innan energi og klimasamarbeid.

Det blir også føreslege 5 millionar meir til kvinner og likestilling og 5 millionar kroner meir til Fredskorpset, der pengane skal gå til eit prosjekt for mødrer og barn i Malawis hovudstad Lilongwe.

Les òg: Fleirtal positive til u-hjelp

Utviklingshjelp marginalt ned i fjor
Offentlege utgifter til utviklingshjelp frå OECD-landa utgjorde 133,5 milliardar amerikanske dollar i 2011. Dette tilsvarar 0,31 prosent av landa sine samla bruttonasjonalinntekt, ned frå 0,32 prosent i 2010, skriv SSB.

Største bidragsytar i 2011 målt i volum var USA, deretter Storbritannia, Tyskland, Frankrike og Japan. USA bidrog med 30,7 milliardar dollar. Det tilsvarar 0,20 prosent av BNI, ned frå 0,21 prosent i 2010.

Noregs utgiftsandel til bistand fall frå 1,10 prosent av BNI i 2010 til 1,00 prosent i 2011. Fallet på 0,10 prosentpoeng er det tredje største, etter Spania og Belgia. Noreg er likevel det landet som gjev nest størst del av BNI til bistand, berre slått av Sverige. Målt i amerikanske dollar auka den norske offentlege bistanden med meir enn 350 millionar til 4,9 milliardar dollar frå 2010 til 2011.

Les òg: Bistand bidreg til vekst

Kva synest du om innsatsen til Noreg for verdas fattige? Er det noko me kan gjera betre?