Bondevik i spissen for nynorskaksjon
Tidlegare statsminister Kjell Magne Bondevik har vore med på å skrive under på eit opprop mot forslag om å fjerne sidemålskarakteren.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
I spissen for nynorskaksjon
«Utan eksamen i nynorsk blir grunnlaget teke bort for nynorsken som jamstelt skriftmål og riksspråk.
– Nynorsk er og skal vera jamstelt skriftmål og riksspråk
– Norskfaget skal ikkje gjerast mindre
– Alle skal som no få læra å skriva nynorsk med eigen karakter.»
Slik lyder oppropet, som også tidlegare Telenor-direktør Tormod Hermansen og tidlegare redaktør Thor Bjarne Bore har skrive under saman med bokmålsforfattarar som Kjell Askildsen, Per Petterson, Knut Nærum, Thorvald Steen, Jon Michelet og Vigdis Hjort.
Dei 26 følgjer opp dei sterke reaksjonane som kom frå nynorskhald da Utdanningsdirektoratet i januar i eit brev til Kunnskapsdepartementet foreslo å tone ned sidemålsundervisninga i den nye læreplanen for norskfaget. Kunnskapsminister Kristin Halvorsen (SV) stilte seg open for framlegget om å ha berre éin karakter i norsk og å fjerne skriftleg sidemålseksamen i ungdomsskulen.
Utdanningsdirektoratet skal vere ferdig med framlegget til ny læreplan til hausten.
Underskrivarane meiner at det er slutt på jamstillinga av nynorsk som offisielt skriftmål i Noreg viss den skriftlege nynorsken blir borte i skulen.
– Utdanningsdirektoratet og statsråden kan ikkje ha fått med seg den statsrettslege stillinga nynorsken har som offisielt skriftmål og riksspråk. Nynorsk som sidemål med eigen karakter er innført for å få til og halda ved lag to prinsipielt jamstilte skriftspråk, heiter det i grunngivinga for oppropet.
– Eit direktorat kan ikkje gjera slutt på skriftspråkordninga i landet. Det kan berre Stortinget.
Underskrivarane oppmodar alle bokmålsbrukarar til å slutte seg til oppropet, som er stila til Stortinget. (©NPK)
Les òg: Språkrådet hardt ut mot sidemålsframlegg
Underskrivarar
Kjell Magne Bondevik, tidlegare statsminister
Hans Olav Tungesvik, lege , tidlegare leiar Noregs Mållag
Tormod Hermansen, tidlegare Telenor-direktør
Kjetil Aano, prost
Thor Bjarne Bore, tidlegare sjefredaktør
Kine Hellebust, artist
Liv Ingebrigtsen, leiar Nynorsklaget
Oddmund Løkensgard Hoel, tidlegare leiar Noregs Mållag
Magne Heide, lektor vgs.
Askill Voll, sivilarkitekt
Arne Kverneland, ingeniør
Per-Bjørn Pedersen, overingeniør h.v.
Anders M. Andersen, førsteamanuensis
Fredrik Sele, student
Jan Erik Vold, forfattar
Kjell Askildsen, forfattar
Per Petterson, forfattar
Jon Fosse, forfattar
Edvard Hoem, forfattar
Thorvald Steen, forfattar
Agnes Ravatn, forfattar
Knut Nærum, forfattar
Jon Michelet, forfattar
Hans Herbjørnsrud, forfattar
Vigdis Hjorth, forfattar
Tor Obrestad, forfattar