Amerikanske soldatar får ikkje bruka TikTok

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Den amerikanske hæren tillet ikkje lenger soldatane sine å ha den kinesiske sosiale medium-appen TikTok på sine arbeidstelefonar.

– Det vert vurdert som ein cyber-trugsel, sa ei talskvinne for det amerikanske til nettstaden Military.com rett før nyttår.

Same nettstad kunne fortelje at det amerikanske forsvaret så seint som i november nytta TikTok til rekruttering, trass i tryggleiks-innvendingar.

Tryggleiksdebatt

Hæren følgjer med dette etter den amerikanske marinen og Forsvarsdepartementet, som tidlegare har instruert sine tilsette om å sletta appen frå statlege telefonar.

TikTok er eigd av det kinesiske selskapet ByteDance og har vore omdiskutert dei siste månadane. I oktober ba eit par amerikanske senatorar om ei undersøking om appen kan utgjera ein tryggleikrisiko med all informasjonen dei har lagra om amerikanske brukarar.

TikTok svara med ei pressemelding der dei forsikra om at alle data var lagra utanfor Kina og at selskapet ikkje er underlagt kinesisk lov.

Vidare skriv selskapet at dei aldri har blitt bedne av kinesiske myndigheiter om å fjerna innhald, og at dei heller ikkje ville gjort det om dei vart bedne om det.

Sensurkritikk

I september kunne The Guardian fortelje at appen sensurerer innhald som nemner Den himmelske freds plass, tibetansk uavhengigheit og ulovlege religiøse grupper som Falun Gong.

I november gjekk ein TikTok-video laga av afghansk-amerikanske Feroza Aziz viralt. Den amerikanske 17-åringen byrja med å snakka om sminke før ho gjekk over til å kritisera kinesiske myndigheiter for deira overgrep på muslimar i provinsen Xinjiang.

Etter videoen vart Aziz blokkert frå TikTok, noko selskapet seinare beklaga.