Nederland vil ikkje lenger bli kalla Holland
I 2020 vil Nederland slutta å marknadsføra seg med kallenamnet Holland, slik håpar landet å spreie turistflaumen.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Visste du at Nederland og Holland ikkje er det same? Ikkje det? Det er kanskje ikkje så rart, for Nederland har sjølv marknadsført seg som Holland i ei årrekkje.
I oktober meldte The Guardian at nederlandske myndigheiter frå og med 2020 vil endra marknadsføringa av landet. Grunnen er at namnet Holland berre viser til to av dei fire regionane som utgjer Nederland.
- Visste du at limburgisk er eit offisielt anerkjent språk i Nederland? Men framleis er dei ikkje samde om rettskrivinga.
Overturisme i Amsterdam
Marknadsføringa har vist seg så effektiv at Nederland i dag er eitt av landa som slit med overturisme, ifølgje The Atlantic. Kvart år kjem 19 millionar turistar til landet, eit tal ein reknar med vil dobla seg i løpet av det neste tiåret.
Brorparten av desse turistane kjem til hovudstaden Amsterdam og den nye marknadsføringsstrategien er eit ledd i myndigheitene si satsing for å spreie turistane utover landet.
I november lanserte myndigheitene ein heilt ny logo, som kosta 200.000 euro. Logoen skal brukast av myndigheitene både nasjonalt og lokalt, samt ambassadar og organisasjonar som jobbar med myndigheitene.
??The Netherlands has a new logo! It stands for solving global challenges together:#GlobalGoals pic.twitter.com/6CHBZpGUQ3
— Dutch Ministry of Foreign Affairs ?? (@DutchMFA) November 11, 2019
Ikkje minst gler Nederland seg til å i år invitera til finalen i Eurovision i Rotterdam, Nederland.
- Gler du deg òg? Kort ned ventetida med quiz om Eurovision Song Contest!