Undersøking: Halvparten av nordmenn vil bore etter meir olje
49 prosent meiner Noreg bør opna nye område for olje og gassverksemd. Det er ein nedgang på ti prosent på eitt år.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Det kjem fram i ei spørjeundersøking frå Sentio Research gjort på oppdrag for Klassekampen.
Ho viser at berre 27,7 prosent vil avslutte oljeutvinninga. Delen av dei som er for meir olje- og gassutvinning, er høg i alle dei fire aldersgruppene i undersøkinga. Ho er likevel høgast blant personar mellom 18 og 22 år. 58 prosent av dei spurde i denne aldersgruppa meiner Noreg bør opne nye område for olje- og gassverksemd.
LES OGSÅ: Eldre ungdommar mest klare for oljestopp
Mest positive i distrikta
Det er innbyggarar i fylka Finnmark, Sogn og Fjordane og Hedmark som er mest positive til å opne nye område for olje- og gassverksemd. Alle tre fylka har eit fleirtal på over 60 prosent.
Trøndelag er det einaste fylket i landet der fleire er mot enn for vidare oljeleiting.
Færre vil bora enn før
Undersøkinga viser samtidig at det tidlegare var ein større del enn no som ønskte framleis oljeleiting- og utvinning, samtidig som folk har vorte meir usikre: I ei liknande undersøking i fjor var 7 prosent usikre, medan i år svarte 23 prosent at dei er usikre på om dei ønsker framleis leiting og utvinning.
For eitt år sidan gjennomførte Klassekampen ei liknande undersøking. Då var det 59 prosent som ønskte å opna nye område for oljeleiting og -utvinning – ti prosent meir enn no.
Undersøkinga i år vart gjennomført i perioden 13. til 19. desember blant 1.004 respondentar. (©NPK)
LES OGSÅ: Ei påminning til dei som vil stoppe oljeboringa tvert