Ronny Brede Aase får Kringkastingsprisen på direkten: – Eg er mållaus
Midt i morgonsendinga får P3-profilen nok ein nynorskpris i samlinga si.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Onsdag morgon fekk programleiar Ronny Brede Aase ei uvanleg overrasking midt i P3morgen si sending.
Medan programmet var på lufta fekk dei besøk i studio av Kathrine Nygård, leiar i Kringkastingsringen, som kunne meddele at Ronny Brede Aase får Kringkastingsprisen 2019.
– Det er ikkje til å stikke under nynorskstol at dette programmet her – og spesielt du, Ronny Brede Aase – har hatt mykje å seie for nynorsken og for det å vere stolt over dialekta si og heimplassen sin, seier Nygård.
Mottakaren sjølv var uvanleg taus i forsamlinga:
– Eg trur eg berre seier tusen takk, eg. Så hyggeleg. Eg vart litt rørt faktisk. Eg er mållaus, sa han.
3000 sendingar på sunnfjordsdialekta
I grunngjevingstala som vart halden på lufta rosar Kringkastingsring-leiaren «ei av dei trivelegaste røystene i eteren», og takkar Aase for å ha gjeve eit ansikt til nynorsken og til Sogn og Fjordane, berre gjennom å vere seg sjølv.
Førdianaren Ronny Brede Aase har losa lyttarane gjennom nesten 3000 sendingar på klingande sunnfjordsdialekt.
Det har vore mange grytidlege morgonar for Aase, som har vore programleiar i P3morgen i ti år. Men tidleg i september kom nyheita om at P3morgon har si siste sending 20. desember.
– Eg trur det er lurt å gje seg medan det framleis er det mest fantastiske i heile verda og det gøyaste eg har gjort i mitt liv. Det vil eg også kunne tenke tilbake på resten av livet, sa Ronny Brede Aase då.
- Vil du lese eit realt blast from the past? Framtida.no snakka med Ronny Brede Aase tilbake i 2012!
– Uråd å overdrive innsatsen
– Aase har vore ein tydeleg og viktig ambassadør for nynorsk i mange år. Svært mange møter nynorsk berre gjennom NRK, og særleg ungdom manglar språklege førebilete. Det er difor uråd å overdrive innsatsen Ronny har gjort gjennom neste tre tusen sendingar på P3morgen. Han vil bli sakna, utdjupar Nygård i ei pressemelding.
Kringkastingsprisen vert delt ut kvart år til ein journalist som har utmerka seg med godt språk i radio eller fjernsyn, og som på ein framifrå måte brukar nynorsk eller dialekt i det daglege arbeidet.
Utover heider og ære får Ronny Brede Aase eit grafisk trykk av Lars Teigum. I sendinga lovar han at han skal finne plass til kunstverket i huset sitt.
Der bør han også prioritere ei brei peishylle for dette er berre den siste prisen i ei lang rekkje for førdianaren.
I 2009 vart han tildelt Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar, i 2016 fekk den samla P3morgon-redaksjonan Kringkastingssjefens språkpris, i 2017 følgde Dialektprisen etter. Samstundes har han fleire gongar henta heim prisar som «Årets radionamn», «Årets programleiarar», og «Årets radioaugeblikk».
- Ronny Brede Aase har fleire år ofra både sveis og velvære til inntekt for P3-aksjonen: Sjå våre favoritt-stunt her
Tidlegare mottakarar av Kringkastingsprisen
- 2018: Eli Kari Gjengedal
- 2017: Anne Lognvik
- 2016: Arill Riise
- 2015: NRK Super
- 2014: Marta Norheim
- 2013: Ingunn Solheim
- 2012: Knut Magnus Berge
- 2011: Morten Sandøy
- 2010: John Skien
- 2009: Yasmin Syed
- 2008: Trude Teige
- 2007: Ingerid Stenvold
- 2006: Harald Bøe
- 2005: Are Kalvø
- 2004: Audhild Gregoriusdotter Rotevatn
- 2003: Arne Hjeltnes
- 2002: Gry Molvær
- 2001: Egil Johan Ree
- 2000: Siri Lill Mannes