Det populære radiprogrammet «P3morgen» rundar av ved juletider, etter 10 år på lufta.

Ingvild Eide Leirfall
Publisert
Oppdatert 13.01.2020 19:01

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Tårer og lått om ein annan, var stikkorda under dagen P3morgen. I 7-tida var tida kome for å sleppe katta ut av sekken.

– I november har eg leia dette programmet i 10 år, og det har vore ei glede kvar einaste dag, byrjar programleiar Ronny Brede Aase.

Han fortel at kollegaane Silje Nordnes og Markus Neby har blitt ein av hans aller beste vener i løpet av åra, før han dreg pusten tungt og seier:

– 20.desember er vår siste sending.

Ronny Brede Aase har sete ti år i programleiarstolen. Silje Nordnes var utegåande reporter i ei årrekke før ho vart ein av programleiarane, og det same gjeld for Markus Neby. Dei tre har leia programmet saman sidan 2014.

Gir seg på topp

Aase fortel at dette har vore det beste han har gjort og vil avslutta på topp.

– Eg trur det er lurt å gje seg medan det framleis er det mest fantastiske i heile verda og det gøyaste eg har gjort i mitt liv. Det vil eg også kunne tenke tilbake på resten av livet.

Nordnes fortel i sendinga at dei tre har kome fram til avgjersla i lag.

– Det har vore ei vanskeleg avgjerd, og me har det så sjukt fint her. Dette har vore det beste i livet.

Samstundes fortel ho at det er på tide å gi stafettpinnen vidare, og at det tærer litt på å ha morgon-program frå 06-10 i årevis.

– Me har gjort det veldig lenge, og det er ei tid for alt. Eg får knapt sove om natta, ler ho før tårene igjen kjem.

Markus Neby er tredjemann i trioen og tykkjer også det er vemodig.

– Det er sjukt trist, men det følest på ein merkeleg måte rett likevel. Det er litt som å flytte heimefrå eller gjera det slutt med nokon ein likar skikkeleg godt.

Vanvittig takknemlege

– Det er ei tid for alt. Vi er så vanvitig takknemlege for alle dei åra Ronny, Silje og Markus har stått opp saman med folk i inn- og utland og gitt oss ein varm og morosam start på dagen. Heldigvis er det framleis nokre månader igjen, seier Mats Borch Bugge, redaksjonsleiar for radio og podkast til NRK P3 Oslo, til p3.no.

Nytt morgonkonsept

Det blir jobba med å utvikle eit nytt morgonkonsept som sørger for at det framleis er gøy å vakne opp med P3. Ronny Brede Aase, Silje Nordnes og Markus Neby jobbar alle i NRK og vil halde fram med det, men då i andre prosjekt, melder NRK.

P3morgen har vunne dialektpris og har fått mykje skryt for det nære og ærlege formatet, som mellom anna denne augneblinken etter Orlando-terrorien i 2016:

Takka lyttarane

Programleiarane hyllar også lyttarane sine i dagens sending.

– Det finst ingen plassar i Noreg der ein har så utruleg fine engasjerte og gode lyttarar. Eg trur det er heilt unikt og fantastisk, seier Aase og fortel at det har vore ei glede å prøva å gi dei ein fin start på dagen.

Dei har lurt på om det er rett tidspunkt å avsløra at dei gir seg på, men Aase fortel at dei eigentleg ikkje hadde mykje val.

– Kanskje det ikkje er lurt å sei det så lenge før, men me har bygd dette programmet på at me er ærlege og seier det vi meiner og tenker og deler det vi føler. då kan me ikkje gå rundt og vite at me skal gi oss utan at du som høyrer på veit det. No kan me kosa oss maksimalt fram til desember ilag.

Les også: Silje Nordnes: – Utruleg trist at så mange brukar homoskjellsord