Språkpris til P3morgen

Runar Bjørkvik Mæland
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

P3morgen får Kringkastingssjefens språkpris 2016 for «stødig, stilsikker og improvisasjonsrik språkbruk og for dynamisk dialektbruk,» melder NRK. Markus Neby, Silje Nordnes og Ronny Brede Aase leier det populære programmet som går som går kvar morgon på NRK P3.

– Ungdom og unge vaksne er ei svært sentral målgruppe for NRK. Det å vere gode føredøme for denne gruppa – med eit inkluderande og godt språk – er viktig, seier Kringkastingssjef Thor Gjermund Eriksen.

Juryen legg vekt på at P3morgen dannar ei motvekt til tendensen til at det moderne og hippe berre blir framført på bymål. «18-åringen fra byen er like begeistret for sunnfjordsk, nordlandsk og østnorsk i høyt tempo som 29-åringen fra bygda», skriv dei i grunngivinga.

– Det handlar om å vere ærleg. Det me leverer på radio i morgon er ikkje ein løgn. Det er ikkje eit skodespel. Det er sånn me er, og då må det også gjelde språket, sa Ronny Brede Aase under pristildelinga.

Les intervjuet vårt med den prisvinnande programleiaren: Korleis vart du du, Ronny Brede Aase?

Kringkastingssjefens språkpris går til ein medarbeidar eller redaksjon i NRK som utmerkar seg med god språkbruk. Tidlegare vinnarar av prisen er mellom andre Bjørn Bø, Ragnhild Sælthun Fjørtoft, Ole Rolfsrud og Kari Bækken Larsen.