Syriske studentar i krig
Det er over eitt år sidan opprøra i Syria starta. Ifylgje Hanan Albalkhe er studentane dei mest aktive opprørarane. Det fører til at dei vert angripne, arrestert, torturert og drepne.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Kven er det som betalar prisen for at det internasjonale samfunn ikkje reagerer? Det er det syriske folk, seier Hanan Albalkhe.
Hanan Albalkhe er masterstudent i afrikanske- og asiatiske studier ved Universitetet i Oslo. Samtidig som ho fullfører mastergrada si i Noreg er Albalkhe også medlem i det syriske overgangsrådet, Syrian National Council, rådet som har eit hovudmål – å styrta det syriske regimet leia av Bashar al-Assad.
– Eg var i Damaskus då revolusjonen starta, og eg klarte ikkje la vera å engasjera meg. Syria er mitt heimland og det er der heile familien min bur. Det var heilt naturleg for meg å engasjera meg i den syriske frigjeringa, seier Albalkhe.
Studentane er aktivistar
Opposisjonen i Syria består av ulike samfunnslag, folk med ulike religionar og ulike yrke, og folk i alle aldrar. Albalkhe fortel likevel at det er den nye generasjonen og då spesielt studentar som demonstrerer og kjemper for at regimet skal gå av.
– Den yngre generasjonen pressar på, dei vil ha eit fritt Syria. Den eldre generasjonen er reddare for kva regimet kjem til å gjera, dei har levd eit heilt liv under eit sterkt styre og veit kva det vil seie å gjera opprør mot det, fortel Albalkhe.
Albalkhe sjølv tok bachelorgrada si ved Universitetet i Damaskus, men fortel at det ikkje er trygt for studentane å opphalda seg verken i Syria eller på universiteta.
– Studentane er dei mest aktive aktivistane, og det veit regimet. Områda rundt alle universiteta vert bomba, studentar vert arrestert, torturert og drepne. Det er ingen studentar som kan opphalda seg ved universiteta eller oppgi at dei er studentar utan å stå i stor fare, seier ho.
Hanan Albalkhe får informasjon om kva som føregår i Syria gjennom andre opposisjonelle i heimlandet. All informasjon føregår gjennom internett, avdi telefonsamtalar og brev er for risikabelt.
– Kontakta med overgangsrådet og familien min føregår på Skype og gjennom ulike nettsider. Me får informasjon om det som føregår kvar dag, og då er det ofte studentar som oppheld seg i Syria som rapporterer til oss, fortel Albalkhe.
«Den arabiske våren»
15. mars i fjor starta dei fyrste demonstrasjonane mot det syriske regimet i Damaskus. Demonstrasjonar og opprørsgrupper har vore aktive sidan då, sjølv om regimet grip hardt inn for å stoppa opprørarane. Over 11 000 skal ha blitt drepne sidan dei fyrste demonstrasjonane, og det blir stadig meldt om mellom anna drap, tortur, vald og bortføringar. FN og Kofi Annan har lenge prøvd å legga fram forslag til korleis konflikta kan løysast.
Etter fleire forsøk på å oppretta fordømmande resolusjonar i FN mot regimet, der Russland og Kina la ned veto mot forslaga, lukkast nyleg FN med forslaget om å senda rundt 250 FN-observatørar til Syria, seks av dei norske.
–Sjølv om det no er våpenkvile fortsett regimet å gjennomføra nye massakrar kvar dag. Regimet fortsett utan stopp. Eg trur ikkje at å senda FN-observatørar til Syria kjem til å gjera stor forskjell på korleis situasjonen er i dag. Kva kan observatørane gjera i Syria? Dei kjem ikkje til å stoppa valden. Det blir nærast som ein ny sjanse for regimet til å stoppa revolusjonen som pågår no, seier Albalkhe.
Etterlyser internasjonal støtte
Hanan Albalkhe meiner at hjelp og støtte frå det internasjonale samfunn er det einaste som kan styrta det syriske regimet. Over 12 land har gått ut offisielt og gitt si støtte til det syriske overgangsrådet, blant anna Frankrike, Storbritannia og USA. Noreg har derimot ikkje gitt si støtte, men har uoffisielle band til rådet. Grunnen til at Noreg ikkje gir si støtte offisielt er fordi at FN ikkje har kome med fleire resolusjonar, og at det vert argumentert frå fleire sider om at opposisjonen i Syria ikkje står samla. Albalkhe meiner at opposisjonen derimot står samla, gjennom nettopp det syriske overgangsrådet som ho er medlem i.
– Eg hadde forventa at fredsnasjonen Noreg stod i spissen for å gi støtte til det syriske folk som blir konstant undertrykt av det regimet Syria ligg under. Eg er sjokkert og overraska over korleis det internasjonale samfunn kan stå passive og sjå på at folk blir drepne, det er eit brot på menneskerettane i seg sjølv, seier Albalkhe.
Sjølv om mange no ikkje ser korleis konflikta i Syria skal løysa seg, er Hanan Albalkhe likevel optimistisk.
– Me er alltid optimistiske. Eg er sikker på at me alle blir vennar til slutt. Men samtidig er eg svært redd, både for familien min, folket mitt og landet mitt. Om konflikta ikkje snart blir løyst kan det bli endå større og meir alvorlige problem i Syria. Men den arabiske våren skal nok blomstra i Syria også, seier Albalkhe.
– Splitta opposisjon
Eskil Engdal, journalist i Dagens Næringsliv, vart smugla inn av opposisjonsstyrkar til Syria for å rapportera om konflikta. Engdal fortel om ein svært fragmentert opposisjon, og unge frivillige menneske utan militære erfaringar i opposisjonshæren.
– Leiren me vart smugla til låg 500 meter frå regjeringsstyrkane sin leir. Klokka seks om morgonen angreip regjeringsstyrkane leiren me var i, slik at me fort måtte flykta ut av Syria og inn i Tyrkia. Eg fekk likevel snakka med mange av opprørarane, og har inntrykket av at mange av dei er unge, dei er utan militær erfaring, og dei manglar ei leiing som kan styra dei. Dei har svært ulike motiv for opprøret, dei er dårleg organiserte og dei har svært lite våpen til å stå opp mot regjeringsstyrkane. Nokre av opprørarane eg møtte var også studentar, fortel han.
På den tyrkiske sida av grensa møtte Engdal ein tidlegare studentleiar frå Damaskus, som tidlegare hadde hatt som oppgåve å spionera på og angi medstudentane sine om dei gav uttrykk for regimekritiske haldningar.
– Då opprøret starta og studenten fekk sjå regimet sin brutalitet, hoppa han av studiene og flykta til Tyrkia. I Tyrkia slutta han seg til den syriske opposisjonshæren, der han no organiserer smugling av kommunikasjonsutstyr, våpen og medisinar frå Tyrkia til Syria. Ein del av hans smuglarnettverk bestod også av andre studentar, fortel Engdal.