– Venstre snur i EU-saka
Etter landsmøtet til Venstre i helga er sentralstyret berre sett saman av EU-tilhengjarar – med eitt unnatak. No trur EU-tilhengjarane i partiet at Venstre snur i EU-saka på neste landsmøte.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
EU-saka har ridd partiet som ei mare sidan det blei splitta på grunn av EU-debatten i 1972. Partiet er framleis offisielt mot EU-medlemskap, men ifølgje ja-folket i partiet er det berre eit spørsmål om tid før Noreg har fått eit nytt ja-parti, skriv Klassekampen.
– Eg trur partiet tek det siste steget neste landsmøte. Det var fleirtal av ja-folk også sist EU blei teke opp i Venstre, seier leiar i Unge Venstre, Sveinung Rotevatn. Han meiner det er unaturleg at eit liberalt parti er mot EU.
Les òg: – Ingen grunn til å gje opp
Utanom leiar Trine Skei Grande var tidlegare nestleiar Helge Solum Larsen einaste EU-motstandar i resten av leiinga. Men etter at Solum Larsen trekte seg etter å ha blitt sikta for overgrep mot ei 17 år gammal jente, er Skei Grande einaste EU-motstandar igjen i Venstre-toppen. Ho avviser at det er aktuelt å snu.
– Eg ser ingen grunn til det viss ein ser på det som skjer i Europa no. Stemninga vi ser i befolkninga no viser det som eg og mange andre Venstre-folk meiner. Det er ingen grunn til at Noreg skal bli med i EU, seier Skei Grande.
I den siste EU-målinga hos Klassekampen og Nationen var Venstre det partiet som hadde størst ja-del blant veljarane sine, med 34 prosent mot 14 prosent i resten av befolkninga. (©NPK)
Les òg: No er òg millionærane mot EU