Uroa over kjøtkvalitet

Det blir for lite mosjon og dårlegare kjøtkvalitet for sauer som ikkje blir sende til sommarbeite på fjellet, åtvarar kjøtbransjen.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Uroa over kjøt- kvalitet på lam

At bøndene ikkje sender sauene til fjells sommartid, men har dei på heimebeite, går ut over kjøtkvaliteten, seier Johan Lundal i Johs. Lundal & Sønner AS, og meiner det er på tide å ropa varsku.

Hjå familiebedrifta Johs. Lundal & Sønner AS på Teigland i Åkrafjorden er dei uroa over utviklinga dei har sett over fleire år. Stadig fleire bønder har lamma og sauene på heimebeite sommartid i staden for å senda dei til fjells. Det merkar kjøtprodusentane på kvaliteten.

— Heimebeite gir merkbart dårlegare kjøtkvalitet, seier tidlegare eigar og styreleiar for bedrifta, Johan Lundal, og fortel om meir feitt i kjøtet fordi sauene får mindre mosjon.
 
Mykje feitt
— Dyra kan sjå fine ut når me får dei inn, men når me byrjar å skjera i dei er det opphoping av feitt inni kjøtet, forklarer Siri Hustveit som er dagleg leiar. Det hender dei opplever å finna mest berre feitt, og det er det ikkje lett å få selt.

— Folk vil helst at det skal vera kjøt på pinnekjøtet og fenalåret, ikkje lammefeitt, supplerer Lundal som er veteran i kjøtbransjen.

Dei to meiner hovudproblemet er at lamma og sauene får kraftfôr som gjer at dei legg på seg.

— Dyra er for små, så prøver ein å feita dei opp. Men det forseinkar også prosessen, då bøndene held dyra igjen heime for å fôra dei opp, seier Hustveit.
 
Lite geiter
Dei lokale kjøtprodusentane fortel om regionale beiteforskjellar.

— Lenger nord held dei meir på fjellbeite, men frå vårt område og ned mot Sørlandet er det mindre utbreidd enn før, seier dei og forklarer at denne situasjonen gjer at dei må finna kjøt andre stader i landet der dei nyttar fjellbeite. Ei tungvint løysing som dei samanliknar med å gå over bekken etter vatn.

Lundal meiner sauehald ikkje er lønsamt for bøndene, og viser til at talet på lam og sau har gått ned. Den lokale bedrifta slit òg med å få tak i geitekjøt, som dei nyttar i den lokale Åkrafjordpølsa.

— Det er merkeleg at ein ikkje får produsentar når det finst så mykje utmark, seier Lundal, og fortel at situasjonen har forverra seg og at dei har vore like til Finnmark for å få tak i geit.
 
Må på banen
— Her bruker ein millionar av kroner på å fortelja om norsk lammekjøt i verdsklasse, så kan ein importera frå Wales av god kvalitet. No må ein vera forsiktig så ein ikkje øydelegg heile næringa, for dette kan gå feil veg på sikt om ikkje noko blir gjort, seier Lundal. Han meiner myndigheitene må på banen for å snu utviklinga.

— Ein må sjå kva ein kan gjera med landbrukspolitikken. Vil ein ha sauenæring i Noreg, må ein vera villig til å betala prisen det kostar, seier han, og legg til at bøndene gjer ein uvurderleg innsats for samfunnet.
 
Kulturlandskap

Lundal og Hustveit etterlyser betre rammevilkår for bøndene, og meiner det er bruk for forbrukarsubsidiar som kan gå til landbrukspleie.

— Det er viktig for samfunnet å ta vare på kulturlandskapet. Det trekkjer turister. Forsvinn desse, forsvinn også folket til slutt, trur han.

— Me har eit ønske om å oppretthalda kvaliteten på produkta våre, men dette heng saman med råvarene som kjem inn. Me kan ikkje laga gull av gråstein, seier Hustveit, og meiner derfor at råstoffa er viktige for å kunna tilby den kvaliteten forbrukarane vil ha.

Les saka på Grannar.no!