663.000.000 færre ekstremt fattige
– Utviklingslanda har klart tusenårsmålet til FN, seier forskingssjef ved Verdsbanken.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
1.290.000.000 menneske levde i ekstrem fattigdom i 2008. Dette tilsvarar 22 prosent av befolkninga i utviklingslanda. Til samanlikning var det 1,94 milliardar menneske i ekstrem fattigdom i 1981.
– Me er no sikre på at utviklingslanda har nådd det første av tusenårsmåla til FN, seier Martin Ravallion, direktør for forskingsgruppa til Verdsbanken som har laga rapporten om fattigdom i verda.
Rapporten kjem samstundes som at UNICEF og Verdas Helseorganisasjon la fram tal som viser at tusenårsmålet for reint drikkevatn er nådd.
Størst nedgang i fattigdom har det vore i Asia.
Færre fattige trass finanskrisa
FN definerer folk som må klara seg på mindre enn 1,25 dollar per dag for ekstremt fattige.
Det er første gong sidan Verdsbanken byrja å overvaka ekstrem fattigdom at ein så stor nedgang er registrert.
LES OGSÅ: Ungdom trur på ei meir rettferdig verd
2008 er det siste året med tilgjengelege tal. Men nyare analysar viser at trass i at matkrisa, høge oljeprisar og finanskrisa har hatt negative effektar på arbeidet med å redusera fattigdom i fleire land, så er ekstrem fattigdom totalt sett også redusert etter 2008.
I 2010 viser nyare analysar at talet på folk som må klara seg med under 1,25 dollar om dagen no er halvert sidan 1990. Det betyr om at tusenårsmålet om å halvera ekstrem fattigdom frå 1990 er nådd fleire år før fristen i 2015.
Mange i sårbar situasjon
– Den tredje verda som heilskap har hatt stor framgang i kampen mot ekstrem fattigdom, men dei 663 millionar menneska som er flytta over fattigdomsgrensa i fattige land, er framleis fattige samanlikna med mellom- og høginntektsland. Dette seier mykje om kor sårbare svært mange fattige menneske er i verda. Og sjølv med dagens framgang, vil enno rundt ein milliard menneske leva i ekstrem fattigdom i 2015, seier Martin Ravallion i ei pressemelding.
LES OGSÅ: I dag vil 21.000 born døy
Enno er det 2,47 milliardar menneske som lever for under to dollar om dagen. I 1981 var det 2,59 milliardar menneske som måtte klara seg på ei slik inntekt. Sidan 1999 har fleire klart å koma seg over denne inntektsgrensa.
– At 22 prosent av befolkninga i utviklingsland framleis lever på mindre enn 1,5 dollar om dagen og at 43 prosent må klara seg med mindre enn to dollar om dagen er uuthaldeleg. Me må å auk innsatsen vår, seier Jaime Saavedra, leiar av Verdsbankens gruppe for kamp mot fattigdom.
Fleire og betre arbeidsplassar, betre utdanning og helsetenester og grunnleggjande infrastruktur er dei viktigaste tiltaka, ifølgje Verdsbanken.
QUIZ: Kva veit du om Afrika?
Julia Dahr, leiar av Spire, gler seg over at talet på ekstremt fattige går ned.
Ungdomsorganisasjonen til Utviklingsfondet er særleg opptatt av å auka den berekraftige produksjonen til dei mange småbrukarane verda over.
– Dette kan gjera at dei kanskje kan selja nokre av avlingane, men ikkje minst er det viktig for å redusera underernæringa, påpeikar ho overfor Framtida.no.
Ho minner om at det enno er kring 850 millionar menneske i verda som svoltar.
Slik er situasjonen i verda:
Aust-Asia og Stillehavet: Om lag 14 prosent av folkesetnaden levde under US $ 1,25 per dag i 2008, ned frå 77 prosent i 1981. Då var regionen den med høgast del fattige i verda. I Kina, levde 13 prosent, eller 173 millionar menneske, under $ 1,25 per dag i 2008. Aust-Asia halverte talet på ekstremt fattige for kring 10 år sidan.
I den tredje verda utanfor Kina, var ekstrem-fattigdomen 25 prosent i 2008, ned frå 41 prosent i 1981. Mengda menneske som lever i ekstrem fattigdom, var likevel om lag den same i 2008 som 1981 på rundt 1,1 milliardar, etter å ha auka i 1980 og 1990 og falle sidan 1999.
Sør-Asia: Ekstrem fattigdom fall frå 61 prosent til 39 prosent mellom 1981 og 2005 og fall ytterlegare 3 prosentpoeng mellom 2005 og 2008. Delen av folkesetnaden som lever i ekstrem fattigdom er no den lågaste sidan 1981.
Latin-Amerika og Karibia: Frå ein topp på 14 prosent i 1984, nådde området sitt lågaste nivå så langt på 6,5 prosent i 2008. Mengda fattige auka fram til 2002 og har vore fallande kraftig sidan.
Midtausten og Nord-Afrika: Regionen hadde 8,6 millionar menneske (2,7 prosent av folkesetnaden) på mindre enn $ 1.25 per dag i 2008, ned frå 10,5 millionar i 2005 og 16,5 millionar i 1981.
Aust-Europa og Sentral-Asia: Delen som lever på mindre enn $ 1.25 er no under 0,5 prosent, etter å ha vore på topp på 3,8 prosent i 1999. 2,2 prosent levde på mindre enn 2 dollar dagen i 2008, ned frå ein topp på 12 prosent i 1999.
Afrika, sør for Sahara: For første gongen sidan 1981 lever mindre enn halvparten av folkesetnaden (47 prosent) for under $ 1,25 per dag. Talet var 51 prosent i 1981, og 57 prosent i 1999. 9 millionar færre menneske lever under $ 1,25 per dag i 2008 enn 2005.
LES OGSÅ: – Folkevekst direkte årsak til fattigdom
Faktaboks
FN si grense for ekstrem fattigdom er folk som må klara seg med mindre enn 1,25 dollar per dag.
Les den siste rapporten til Verdsbanken om ekstrem fattigdom!
Dette er tusenårsmåla til FN:
1. Utrydda ekstrem fattigdom og svolt
2. Sikra utdanning for alle
3. Styrkja stillinga til kvinner
4. Redusera barnedødelegheita
5. Reduseae svangerskapsrelatert dødelegheit
6. Stoppa spreiing av hiv/aids, malaria og andre dødelege sjukdommar
7. Sikra bærekraftig utvikling for miljøet
8. Byggja ein global partnarskap for utvikling
Les meir om delmåla hjå FN-sambdet og FN (engelsk)