Unge Funksjonshemmede: – All politikk er funkis-politikk!
Paraplyorganisasjonen er misnøgd med dei første budsjettlekkasjane og kjem til å kjempe mot dei varsla kutta i AAP-ordninga.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– All politikk er funkis-politikk! Det er få politikkfelt som ikkje rører ved liva til unge med funksjonsnedsettingar og kroniske diagnosar, skriv generalsekretær i Unge Funksjonshemmede, Leif-Ove Hansen.
Dei vil følgja særleg med på arbeids- og sosialfeltet og reagerer på budsjettlekkasjen om kutt i AAP-ordninga.
– Me kjem til kjempe mot dette fordi det går hardt ut over mange av våre medlemmar med funksjonsnedsettingar og kroniske diagnosar. Dei blir ikkje friskare eller meir motiverte til å jobbe av å bli endå fattigare!
Organisasjonen har sendt ut ei pressemelding der dei kallar kutta «katastrofale».
Ungdomshelse som eige fagfelt
Organisasjonen er oppteken av at ungdomshelse må bli eit eige fagfelt og ei styrka satsing på spesialundervisning og høgare utdanning som arbeidsmarkedstiltak.
Unge Funksjonshemmede sine tre høgaste ønsker til statsbudsjettet 2020 er:
- At regjeringa følgjer opp Vegkart for universelt utforma nærskole 2020-2030, og bevilgar 200 millionar kroner i øyremerkte stimuleringsmidlar årleg til kartlegging av status, planlegging og aktuelle tiltak.
- At regjeringa styrkar kompetansen i helsevesenet og ressursane til informasjon og kunnskapsformidling om seksuell helse for ungdom med nedsett funksjonsevne.
- At regjeringa etablerer eit nasjonalt nettverk for ungdomshelse og ungdomsmedisin. Nettverket bør bestå av representantar frå fagmiljø, sjukehusleiing, brukarorganisasjonar og ungdomsråda.
Les også: – Storsamfunnet må anerkjenna at alle har ein seksualitet – gjennom heile livet