Dette er landets første MDG-ordførar
Ørjan Jensen tek over som ordførar i Vardø. – Ein milepæl i heile den grøne rørsla, seier nasjonal talsperson Une Bastholm.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Eg føler meg overvelda og ekstremt æra over å verte tiltrudd den veldig vanskelege og krevjande rolla som kommunens ordførar dei neste fire år, skriv Ørjan Jensen på si eiga Facebook-side.
Onsdag vart det klart at han tek over etter bror sin Robert Jensen (Ap) som ordførar i finnmarkskommunen Vardø.
Miljøpartiet Dei Grøne går saman med Senterpartiet, Høgre og Sosialistisk Venstreparti om eit valteknisk og politisk samarbeid.
– Kjem til å skape ringverknadar
Ørjan Jensen vert med det den første ordføraren Miljøpartiet Dei Grøne har hatt nokosinne.
– Det er ein milepæl i heile den grøne rørsla, frå MDG blei starta opp i 1988, seier nasjonal talsperson Une Bastholm til NRK.
I Vardø fekk Miljøpartiet Dei Grøne heile 23,2 prosent oppslutnad, nesten 11 prosent meir enn ved lokalvalet i 2015.
Une Bastholm seier lokalpartiet har vunne valet på ekte grøn distriktspolitikk og trur kommunen vil merke ein meir klimabevisst ordførar.
Sjølv gler ho seg til å følgje kommunen framover:
– Det MDG i Vardø er i ferd med å oppnå kjem til å skape ringverknadar langt utover Finnmark sine grenser. Ikkje berre i partiet, men i heile kommune-Noreg, seier Bastholm til NRK.
- Les også intervjuet med det som truleg er tidenes yngste kvinnelege ordførar: – Eg må seie det er litt tøft.