Nær éin av tre bruker ikkje studieplassen sin

Nesten ein tredel av dei som blir tatt opp til høgare utdanning i Noreg, lèt vere å bruke studieplassen, viser OECD-rapport.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Heile 29 prosent av søkarane til høgare utdanning lèt vere å takke ja eller møter ikkje opp til studiane dei har fått plass på. Til samanlikning gjeld dette berre 6 prosent av søkarane i Sverige og to prosent i Finland.

Det viser OECD-rapporten «Education at a Glance 2019».

– Når nesten kvar tredje søkar ikkje bruker studieplassen sin, betyr det at universiteta og høgskulane må gi tilbod til langt fleire enn dei har plass til, seier forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø (V).

– Det kan vere fleire grunnar til kvifor det er slik, derfor må vi sjå nærare på kva som ligg bak desse tala, legg ho til.

Gjennomføringstala for høgare utdanning er framleis låge i Noreg, men rapporten viser at dei andre OECD-landa slit endå meir med å få studentane gjennom studiane.

I OECD-landa fullfører 39 prosent av studentane som startar på høgare utdanning, på normert tid, mot 44 prosent i Noreg. Dette gjeld fulltidsstudentar på bachelornivå.

Hovudbygget til Høgskulen på Vestlandet i Sogndal. Foto: Harald Groven / HiSF