Søviknes tapte i nye Bjørnafjorden kommune
Frps Terje Søviknes mangla eitt mandat for å behalde fleirtalet med Høgre i den samanslåtte Bjørnafjorden kommune i Vestland.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Close race, sa Os-ordførar til Bergens Tidende tysdag kveld.
I 2020 slår Fusa og Os seg saman til Bjørnafjorden kommune.
Valresultatet viser at Framstegspartiet fekk 32,1 prosent i den nye storkommunen. Dette er ein tilbakegang på 2,8 prosentpoeng.
Sjølv om Høgre går marginalt fram, opp 0,8 prosentpoeng til 13,5 prosent, får partia 17 av 35 mandat i det nye kommunestyret. Det er eitt mandat unna fleirtal, og partia treng dermed støtte frå eit anna parti for å halde fram.
Les også: No har Os kommune flest nynorskelevar i Noreg