Valekspert: – Usikkert om Frp får behalde utstillingsvindauget Os etter valet

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Med kommunereforma blir 119 kommunar til 47 nye og større kommunar 1. januar 2020. Kommunevalet blir gjennomført som om samanslåingane allereie har skjedd. Det kan få konsekvensar for Frp-kommunen Os, der Siv Jensen og Terje Søviknes opnar valkampen til partiet 10. august.

Frp-nestleiar Terje Søviknes har vore ordførar i kystkommunen sidan 1999, og Frp fekk ei oppslutning på 39,5 prosent ved førre kommuneval.

LES OGSÅ: Os kommune har flest nynorskelevar i Noreg

– Søviknes gamblar

Men 1. januar 2020 skal Os slåast saman med Fusa kommune, og saman blir dei Bjørnafjorden. Det kan føre til ein mindre sikker valsiger for Søviknes, meiner valekspert i Tv2 Terje Sørensen.

– Dette er eit sjansespel for Søviknes. Det er ikkje sikkert at han får det til denne gongen, seier han.

I Fusa var det Senterpartiet og Arbeidarpartiet som gjorde det best ved førre kommuneval med ei oppslutning på høvesvis 27,2 og 25,6 prosent. Sjølv om Fusa har langt færre stemmeføre enn Os, trur Sørensen at kommunesamanslåinga kan bli utslagsgivande og kanskje ta frå Frp og Høgre fleirtalet i nye Bjørnafjorden kommune.

– Det er neppe tilfeldig at Frp startar valturneen sin i Os. I tillegg slit Frp litt på målingane, og det kan jo òg gå utover Søviknes, seier valeksperten.

LES OGSÅ: Kommunesamanslåing kan svekkje demokratiet

Meir krevjande

Os-ordførar og Frp-nestleiar Terje Søviknes avviser at Frp startar valturneen i Os som ein sjarmøretappe for å hindre at partiet mistar utstillingsvindauget sitt, men han er spent på endringane som følgje av kommunesamanslåinga.

– Det oppstår ein heilt ny dynamikk når to kommunar blir slått saman. Det er opplagt at Frp har gjort det mykje dårlegare i Fusa enn i Os, og det vil bli meir krevjande, seier Søviknes til NTB.

Frp i Bjørnafjorden har opna for å samarbeide med andre parti enn Høgre. Målsettinga er likevel å halde fram samarbeidet, seier Søviknes. Han fryktar ikkje at ordførarkjeda ryk.

– Det er ikkje noko vi fryktar. Vi jobbar for valsiger og har gode resultat å vise til som vi håper vil smitte over på Fusa, seier han.

LES OGSÅ: Rekordmange unge stiller til val i kommunevalet: – Bra for demokratiet!

Fleire parti å stemme på

Valekspert Sørensen seier det er fleire døme på kommunar som kan få snudd den politiske situasjonen på hovudet på grunn av kommunereforma, og trekker fram Sunnfjord kommune (Førde, Naustdal, Gaular og Jølster) og nye Tønsberg (Re og Tønsberg) som døme.

I nye Sunnfjord kommune vil innbyggjarane i småkommunane Fjaler, Gaular og Naustdal plutseleg få fleire parti å stemme på. Dermed kan det oppstå ein ny dynamikk i kommunestyret.

Samtidig vil det i mange av dei samanslåtte kommunane bli fleire kommunestyrerepresentantar. Kristiansand og Ålesund er to døme der dei går frå høvesvis 53 og 49 til 71 og 77 kommunestyrerepresentantar etter valet.

I desse byane treng partia berre 1 prosent oppslutning for å sikre seg ein kommunestyrerepresentant. Dermed vil det bli enklare for dei små partia å etablere seg.

– Det gjeld å få fotfeste i dei mellomstore kommunane. Det er viktig for småpartia og også for bomlistene ved dette valet, seier Sørensen.

I Ålesund vil kommunesamanslåinga føre til fleire kommunestyrerepresentantar etter valet, fortel valekspert Terje Sørensen. Foto: Matt Lamers/Unsplash.com

Senterpartiet på vippen

Senterpartiet har vore i støyten på dei siste målingane. I ei meiningsmåling gjort av InFact for Nordlys førre veke fekk partiet ei oppslutning på 23,9 prosent og er dermed det største partiet i nord.

Ved lokalvalet er heller ikkje kommunesamanslåingane, som partiet har vore sterkt imot, noka ulempe for partiet, ifølgje valeksperten. Han meiner Sp kan få makt og hamne på vippen i nye byar, som til dømes i Tønsberg.

Vestfold-byen slår seg ved nyttår saman med Re kommune, der Senterpartiet med 24,5 prosent oppslutning vart største parti ved førre kommuneval.

– Plutseleg kan Senterpartiet få 10–12 prosent i Tønsberg og komme i ein vippeposisjon, seier Sørensen.

Oversikt over nye kommunar

  • Sandefjord kommune (Sandefjord, Andebu, Stokke)
  • Larvik kommune (Larvik og Lardal)
  • Holmestrand kommune (Hof og Holmestrand, og seinare Sande)
  • Færder kommune (Tjøme og Nøtterøy)
  • Indre Fosen kommune (Rissa og Leksvik)
  • Moss kommune (Moss og Rygge)
  • Indre Østfold kommune (Askim, Eidsberg, Hobøl, Spydeberg og Trøgstad)
  • Aurskog-Høland kommune (Aurskog-Høland og Rømskog)
  • Nordre Follo kommune (Oppegård og Ski)
  • Lillestrøm kommune (Skedsmo, Fet og Sørum)
  • Asker kommune (Asker, Hurum og Røyken)
  • Drammen kommune (Drammen, Nedre Eiker og Svelvik)
  • Tønsberg kommune (Re og Tønsberg)
  • Midt-Telemark kommune (Bø og Sauherad)
  • Lyngdal (Audnedal og Lyngdal)
  • Kristiansand (Kristiansand, Songdalen og Søgne)
  • Lindesnes (Lindesnes, Mandal og Marnardal)
  • Stavanger (Stavanger, Finnøy og Rennesøy)
  • Sandnes (Forsand og Sandnes)
  • Øygarden kommune (Fjell, Sund og Øygarden)
  • Alver kommune (Radøy, Lindås og Meland)
  • Bjørnafjorden kommune (Fusa og Os)
  • Ullensvang kommune (Jondal, Odda og Ullensvang)
  • Voss herad (Granvin og Voss)
  • Sunnfjord (Førde, Naustdal, Gaular og Jølster)
  • Kinn kommune (Flora og Vågsøy)
  • Stad kommune (Eid og Selje)
  • Sogndal kommune (Balestrand, Leikanger og Sogndal)
  • Volda kommune (Hornindal og Volda)
  • Ålesund kommune (Ålesund, Haram, Sandøy, Skodje og Ørskog)
  • Fjord kommune (Norddal og Stordal)
  • Hustadvika (Eide og Fræna)
  • Molde (Midsund, Molde og Nesset)
  • Heim kommune (Hemne, Halsa, Snillfjord (blir delt))
  • Hitra kommune (Hitra og Snillfjord (blir delt))
  • Orkland (Orkdal, Agdenes, Snillfjord (blir delt) og Meldal)
  • Trondheim kommune (Trondheim og Klæbu)
  • Ørland kommune (Bjugn og Ørland)
  • Åfjord kommune (Roan og Åfjord)
  • Steinkjer (Steinkjer og Verran)
  • Namsos kommune (Namdalseid, Namsos og Fosnes)
  • Nærøysund kommune (Vikna og Nærøy)
  • Narvik kommune (Narvik, Ballangen og Tysfjord (blir delt))
  • Hamarøy kommune (Hamarøy og Tysfjord (blir delt))
  • Tjeldsund kommune (Skånland og Tjeldsund)
  • Senja kommune (Berg, Lenvik, Torsken og Tranøy)
  • Hammerfest kommune (Hammerfest og Kvalsund)

Kjelde: Regjeringa.no