Sp vil planta skog for klimaet
Senterpartiet vil ha skogtiltak inn i klimameldinga.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Senterpartiet meiner at nyplanting av skog kan gi mykje lågare CO2-utslepp og vil ha fleire skogtiltak inn i klimameldinga.
Partileiar Liv Signe Navarsete arbeider saman med landbruksminister Lars Peder Brekk (Sp) og olje- og energiminister Ola Borten Moe (Sp) for å få gjennomslag for dette tiltaket, fortel NRK.
Partiet viser til at nyplanting av skog kan redusere dei norske CO2-utsleppa med 12 milliardar tonn, og vil blant anna plante fem millionar dekar ny skog.
Klimameldinga skal gi svar på korleis Noreg kan nå målet om å kutte 30 prosent av CO2-utsleppa innan 2020. (©NPK)
Kva synest du om forslaget?