Volda får nytt mediebygg til 200 millionar på høgskulen
Høgskulen i Volda (HVO) får eit nytt mediebygg til vel 200 millionar kroner. Bygget skal stå klart i 2021.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Nyheita til glede for mange mediestudentar og tilsette vart sleppt av statsråd Iselin Nybø på besøk i Volda tysdag formiddag, under opninga av det nye studieåret.
– Endringane i mediebransjen har dei siste åra gått raskt. Då er det viktig at den leiande medieutdanningsinstitusjonen i landet får eit bygg som gjer det lettare for studentar og forskarar å boltre seg i desse kommunikasjonsutfordringane og moglegheitene, seier forskings- og høgare utdanningsminister Nybø (V).
Det nye mediebygget er dimensjonert for 470 studentar og 50 tilsette. Statsbygg er byggherre, og HVO står for finansieringa av byggeprosjektet i form av husleige.
- Les også saka om nynorskbruken ved universiteta: – No er det skjerpings. Bruken av nynorsk er for dårleg over heile sektoren