DLD-motstandarar til rettssak
Motstandarar er klare for å ta saka til Høgsterett og menneskerettsdomstolen i Strasbourg.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Tidlegare Høgre-medlem og eks-direktør i Datatilsynet, Georg Apenes, har stifta Digitalt personvern. Med seg i styret har han blant andre Anders Brenna, kjent frå Stopp datalagringsdirektivet. Apenes er klar til å kjempe mot det han kallar «mistenkeliggjøringen av hver enkelt nordmann», skriv Nationen.
Brenna forklarar at Digitalt personvern skal skaffe nok pengar til å gjennomføre ei rettssak. Målet er å samle inn 2 millionar kroner gjennom kronerulling. Til no står 600.000 kroner på konto.
– Det er viktig for oss å vere seriøse og kunne stå løpet heile vegen. Difor er målet 2 millionar kroner, seier Brenna.
Organisasjonen reknar med at saka kan hamne i Høgsterett. Dersom organisasjonen ikkje vinn der, reknar Brenna det som ei mogleg løysing å gå vidare til menneskerettsdomstolen i Strasbourg.
Apenes opplyser at ei rettssak kunne ha starta alt no med pengane som er samla inn hittil, men det blir ikkje aktuelt å gjere noko før direktivet er innlemma i norsk lov.