Les intervjuet med Neda (18) som også skal vere med Bjerknessenteret på klimaseglasen: – Eg trur mange ungdomar er fortvila. Deira stemme vert ikkje høyrt. Når dei inviterer oss med så er dei interesserte i oss, som framtida.
– Noreg vil måtte jobbe hardt for å bli eit nullutsleppsland
Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.
Noreg vil måtte jobbe hardt for å bli eit nullutsleppsland. Nokre viktige faktorar for å lukkast med dette er:
- Legge til rette for å satse breitt på forsking og utdanning inn mot fornybare og berekraftige energiløysingar.
2. Ta ut potensialet til eksisterande grøn energiproduksjon ved å utnytte dei fornybare energikjeldene vi allereie har. Det er viktig å sjå verdien av desse.
3. Optimalisere energiforbruket vi har i alle ledd, frå energikjelda til lyspæra. Det er rom for masse forbetring av effektiviteten av energibruken vår, i alt frå straumnettet til effekten på apparat vi har heime. Den beste måten å redusere utslepp er jo trass alt å redusere forbruket av energien.
Den beste måten å redusere utslepp er jo trass alt å redusere forbruket av energien
4. Gjere lure satsingar og investeringar innan utvikling av fornybare energiteknologiar, satsingar som over tid gjer at det vert økonomisk lønsamt å produsere grøn energi. Viss Noreg får ei fot i døra i teknologiar som offshore vindkraft tidleg, kan vi tene mykje på ein energimarknad som vil vere større om eit par tiår enn det vi har i dag. Ein må prøve å sjå på dette som ei mogelegheit for teknologisk og økonomisk utvikling, ikkje berre eit «energiproblem».
Sjølv med alle desse punkta i boks vil nok ikkje Noreg bli eit nullutsleppsland: Vi importerer mykje av forbruksvarene våre frå land med annan miljøpolitikk.
Ved å leie veg innan fornybar energi kan vi derimot vere med på ei grøn omstilling ute også.
Vi treng alle mann på dekk!