Håpar Kongen likar vossatapas

Fire elevar ved Rogne vidaregåande skule skal laga lokal mat til Kong Harald.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Den sportsinteresserte kongen kjem til ski-NM på Voss neste veke. Torsdag er han på plass i Kongehytta på NM-arenaen og fylgjer Petter Northug, Marit Bjørgen, Sjur Røthe og dei andre skistjernene. Inne i hytta får Kong Harald og gjestene servert fingermat og suppe.

Litt nervøse?
– Dette vert veldig kjekt og spennande, seier Jannicke Kinsarvik Hus. Saman med Ida Skjelde Brunborg, Olve Haugen og Alexander Pettersson skal ho stå for maten som skal serverast i Kongehytta.

– Det er jo ein stor mann som kjem. Han er sikkert van med å eta mykje god mat, så me håpar verkeleg dette går bra, smiler dei fire hoffleverandørane. Dei legg ikkje skjul på at dei nok vil vera litt nervøse for oppgåva.

– No er det berre kjekt, men når me skal laga maten vert det sikkert litt spesielt.

Aure, hjort, korv
Skuleelevane har ikkje fått spesielle krav frå kongehuset om meny, men elevane satsar på at kongen likar lokal mat. Kongen og dei andre i Kongehytta får suppe og fingermat med lokal fokus, såkalla vossatapas.

– Me har ikkje heilt klart for oss alt me skal laga til. Men truleg skal me laga til fingermat med garva fjellaure, garva hjort og hjortepatè. Og me skal nytta lokale fenalår og spekeskinke, fårepølse og hjortekorv med ramslauk. Me skal òg laga til fersk vasskreps med dillmajones og
lakserogn forklarar faglærar Terje Røssland.

Til drikke får kongefylgjet eplemost frå Ulvik.

VIP og presse
Sjølv om det er fire elevar som står for maten til Kongehytta torsdag, så er alle elevane ved lina med på å laga mat til NM. Kvar dag skal nemleg restaurant- og matfagelevane ved Rogne vidaregåande skule servera mat til VIP-telt og presse.

– Det er klart det er spesielt for dei som skal laga mat til Kong Harald, men den verkelege tøffe oppgåva er den alle våre elevar skal vera med på. Me skal stå for maten til VIP-teltet og pressesenteret. Her er det nokre tusen innom i løpet av NM-dagane, seier faglærar Gaute Kalstad. I
VIP-teltet vert det bagettar og gulasjsuppe på menyen.

– Ei utfordring er at moglegheitene til å laga til mat på NMarenaen er heller dårleg, så me må laga mykje til her på skulen og transportera opp til skistadion, seier Røssland.

LES HEILE SAKA I AVISA HORDALAND!