Unge synest det er vanskeleg å følgje med på nyheiter

Seks av ti ungdommar i alderen 16 til 20 år har vanskeleg for å følgje med i nyheitsbildet.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Medietilsynet har undersøkt medievanane til dei unge og korleis dei orienterer seg i medielandskapet, skriv tilsynet i ei pressemelding.

I undersøkinga kjem det fram at halvparten av dei mellom 16 og 20 år bruker sosiale medium som ein av dei viktigaste nyheitskjeldene sine.

Medietilsynet har ikkje tal å samanlikne med frå tidlegare år, då dette er første gong dei gjennomfører ei slik undersøking. Men Mari Velsand i Medietilsynet seier dei ynskjer å følgje med på utviklinga framover.

Kva held deg mest oppdatert på nyheiter?

Kva held deg mest oppdatert på nyheiter?

Radio4
TV8
Nettaviser/aviser28
Sosiale medium33
Foreldre/vennar/kjende3
Anna1
Svar totalt: 77

 

Treng du ei forklaring på Brexit? Denne saka frå Nupi Skole gjev deg svar på det aller meste. 

– Kjeldekritikk er svært viktig

Dei unge mellom 16 og 20 år er den mest digitale aldersgruppa, og dei er betre enn gjennomsnittet til å finne ut om informasjon er sann eller ikkje gjennom å bruke digitale medium.

Likevel har berre 21 prosent av dei unge «høg kritisk medieforståing», mot 43 prosent hos resten av folket.

– Medietilsynet meiner at kjeldekritikk og medieforståing er svært viktige kompetanseområde, og at dette er fagområde som bør styrkjast for eksempel i samfunnsfag og norsk, seier Mari Velsand.

Difor har Medietilsynet no gitt innspel om dette til dei nye læreplanane som er ute på høyring.

Les også om studien frå Oslomet som synte at ungdom har vanskar med å oppfatte kva som er reklame på Instagram.