– Det er minimalt med opne homofile på min alder på bygda

Thanushan Nagendran, Leiar Skeiv Ungdom Sogn og Fjordane
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Mitt namn er Thanushan Nagendran, og eg er 19 år gammal. Som ung hadde eg kjennskap til ordet «homo» som skjellsord ettersom det ofte blei brukt blant elevane på barneskulen min, men visste aldri kva det eigentleg betydde.

På barneskulen blei eg ekskludert og sett rart på ettersom eg var overvektig, av en annan etnisk bakgrunn og fordi eg oppførte meg annleis enn dei andre.

Mange gonger høyrde eg på dei streite gutane i klassen min og prøvde å imponere jentene, men enda alltid opp med å bli avvist. Det var like elendig kvar gong, og eg gjorde mykje rart for å få meir merksemd, ettersom eg var desperat etter å bli akseptert og sett på som eit menneske slik som dei andre.

Eg var desperat etter å bli akseptert og sett på som eit menneske slik som dei andre

Eg tenkte aldri på kjærleiken slik som den eigentleg var, ettersom eg trudde eit heterofilt forhold var det einaste som eksisterte, før verkelegheita kom som eit sjokk på starten av ungdomsskulen.

I denne perioden nekta eg for at eg er homofil, og leita desperat etter ei løysning på denne «uvanlege» tilstanden.

Det blei mange emosjonelle netter åleine på soverommet, med mykje gråting og elende. Eg tenkte: «Kvifor måtte det vere akkurat meg?». Etter kvart begynte eg å sjå på denne sida av meg som noko eg må leve med resten av livet. Etter kvart blei eg meir aksepterande, og sjølvbilete mitt blei gradvis betre.

No som eg ser tilbake på den tida, innser eg kor mykje enklare det hadde vore for meg og andre personar som gjekk gjennom det same, dersom vi hadde hatt nokon å sjå opp til. Nokon som hadde sette fokus på og feira den mangfaldige kjærleiken. Nokon som hadde fortalt at det er fint å vere forskjellig. Nokon som hadde informert oss om at ikkje alt handlar om heterofile forhold. Derfor synest eg at Pride er eit viktig arrangement som fremmer kjærleiken og mangfaldet.

Det blei mange emosjonelle netter åleine på soverommet

Eg legg til dagleg merke til at det er minimalt med opne homofile på min alder på bygda, i forhold til i byen. Eg trur at dette kan ha med stigmaet rundt det å vere homofil på bygda. Ettersom rykter har ein tendens til å spreie seg som eld i tørt gras, særleg på bygda, trur eg ungdommane blir skremt av tanken på å komme ut av skapet og vere open om den seksuelle legninga si.

Eg trur at Pride kan bidra med å auke toleransen, fjerne fordommane, og ikkje minst blir vi som ein stemme for dei usikre, redde ungdommane på bygda som leitar etter meining i livet.