Rike kommunar minst effektive

Arnt Olav Foseide
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Lojale tilsette er ein av grunnane til at kommunen kan drive godt med stram økonomi, seier ordføraren i Gjerstad Kjell Trygve Grunnsvoll til NRK.

Av alle kommunane i landet er det Gjerstad, rett før Lardal og Stor-Elvdal, som får mest kommunale tenester ut av pengane, om lag 130 prosent av det den gjennomsnittlege inntekta skulle bringe inn, syner tal frå bladet Kommunal rapport. På botnen av lista ligg Sirdal, Aukra, Forsand, Sørfold, Åseral, Aurland og Hammerfest, alle høginntektskommunar, som kun klarar å få 48(Sirdal) til 69(Hammerfest) prosent produksjon av tenester i høve til gjennomsnittleg inntekt.

Ordføraren fortel at interkommunalt samarbeid er viktig, og at Gjerstad kommune har lært seg å leve med ein stram økonomi.

– Vi har investert mykje dei siste åra og har mykje gjeld. Det strammar inn driftsrammene våre, så vi må tilpasse oss den nye kvardagen. Blant anna har vi sett nærmare på sjukefråværet dei siste åra og det er på veg ned, frå 10 til 7 prosent, seier Grunnsvoll.

Kjelder: NRK, Kommunal Rapport
 

Faktaboks

Gjerstad er ein kommune og ein tettstad i Aust-Agder. Kommunen ligg inne i landet frå Risør ved grensa til Telemark. Kommunen grensar i nord mot Nissedal og Drangedal, i aust mot Kragerø, i sør mot Risør, og i sørvest mot Vegårshei. Dei fleste i kommunen bur ikring Gjerstad-vassdraget. Administrasjonssenteret er tettstaden Gjerstad med 278 innbyggere per 1. januar 2011. Andre tettstadar er Fiane og Sunde. Gjerstad kommune har eit innbyggartal på ca 2 500 personer. Arealet er på 323 kvadratkilometer. Kjelde: Wikipedia