Leiaren i Noereh: – Det er mange kampar som må kjempast

Samiske Elen Ravna (24) har som visjon at Noereh skal vere ei felles stemme for den samiske ungdommen.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det er ikkje lett å velje berre nokre hjartesaker når det kjem til samiske saker, men eg er spesielt engasjert i vald- og overgrepsproblematikk, samt psykisk helse, skriv Elen Ravna i ein e-post til Framtida.no.

24-åringen frå Tromsø har teke over leiarvervet i den samiske ungdomsorganisasjonen Noereh, trass i at ho ikkje har vore aktiv i organisasjonen så lenge.

Då Ravna flytta til Trondheim i 2016 var ho med å starta ei samisk studentforeining. Deira feiring av 100-årsjubileet av det første samiske landsmøtet auka interessa hennar for å aktivt ta del i det som skjer i Sápmi. 

Både ein møteplass og eit politisk talerør

– Kvifor er det bruk for Noereh i 2019?

– Sidan Noereh har to funksjonar, både som møteplass og eit politisk talerør, er det to svar her:

– Det første er mellom anna at det er viktig for mange å kunne møtast ein plass utan å måtte «forklara» kven ein er. I dagens majoritetssamfunn er det diverre framleis lite kunnskap om samar og samiske saker, og difor er det et viktig fellesskap for nokre, svarar Ravna og legg til:

– Det andre er at det framleis skjer mykje i det samiske samfunnet som må løftast opp og fram. Det er mange kampar som må kjempast, og Noereh sin visjon er å vere ei felles stemme for den samiske ungdommen.

– Kva er dei viktigaste sakene for Noereh anno 2019?

– Etter mellom anna ein NIM-rapport som vart utgitt i 2018, vil vald- og overgrepsproblematikk i samiske samfunn stå høgt. I tillegg vil fokuset på naturinngrep, spesielt med tanke på vindmøller i sørsamisk område og den påtenkte Nussirgruva i Repparfjord, spele ei sentral rolle i vårt arbeid. Og sjølvsagt: Det er det Internasjonale året for urfolksspråk! Det skal markerast!

Les også innlegget: Framtida til samisk ungdom blir sett på spel i byte mot pengar og status

Må ta plass

– Korleis kan ein sikra at samisk ungdom vert høyrt?

– Vi må halde fram å ta den plassen vi skal ha. Både blant ikkje-samar og dei eldre samiske generasjonane.

– Kva er idealsamfunnet?

– Eit samfunn der alle får vere den dei er og der alle får eit likeverdig tilbod av moglegheiter.

Les også om 16 år gamle Viktoria, som vitna i den første rettssaka i Noreg der nokon er vorte domfelt for samehets:

Foto: Hans Petersen

 

Elen Ravna

Frå: Tromsø, Sápmi

Alder: 24 år

Yrke/utdanning: Kafémedarbeidar

Favorittfag på skulen: Norsk og politikk

Ulike verv: Leiar i Noereh og styremedlem i Saemien Studeenth Tråantesne

Medlem i: Noereh, Saemien Studeenth Tråantesne, NSR

Kva gjer du i fritida/hobby: Duodji (samisk håndarbeid), vimsar rundt, drikk kaffi