Blå Kors vil hjelpa konfirmantar frå fattige familiar

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Unge i fattige familiar gruar seg til konfirmasjonen, fortel marknadsansvarleg Henning Reme i Blå Kors Kristiansand til Vårt Land.

Han peikar på at mange konfirmantar i slike familiar ikkje kan dela den same gleda og forventningane til ein stor fest med rause gåver slik mange andre konfirmantar ser fram til.

Til Fædrelandsvennen, som skreiv om saka først, seier Reme at dette eit tabu som Blå Kors meiner det er viktig å retta søkjelyset på.

Les også om gåveforventningar til konfirmasjon: – Berre dei tøffaste som ikkje seier kva dei fekk til konfirmasjonen

Verdige markeringar

For at ungdom i låginntektsfamiliar skal få ein fin konfirmasjonsfest, ønskjer organisasjonen å oppretta eige fond. Tanken er at sårbare familiar gjennom ei slik teneste til dømes kan få hjelp til å skaffa klede til konfirmanten, selskapslokale og konfirmasjonsgåver.

– Me ønskjer å leggja til rette for verdige markeringar, ikkje berre dela ut pengar, seier marknadssjefen.

Varaordføraren i Kristiansand helsar tiltaket velkommen og ser ikkje bort frå at kommunen kan vera med på eit spleiselag. Målet er at konfirmasjonsfondet skal vera på plass til hausten 2020.

Les også om vidaregåandeelevane som har forska på kva konfirmasjon tyder for ungdomen både før og no: Gud eller pengar?

konfirmasjon

Sadia Moon Sultana, Lene Gilje Sæverud, Hedda Geitung Håvik og Karoline Røksund har forska på religionsliv og konfirmasjon før og no på Bømlo. Foto: Svein Olav B. Langåker