DNT forventar storinnrykk av hytteturistar i påsken
Dei siste fem åra har Den Norske Turistforening hatt 19 prosent auke i overnattingar på hyttene sine.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Påsken for mange er einstydande med snødekte vidder, solfylte fjellsider og fine ettermiddagar i hytteveggen. Og vi kan roe fjellfolket, det er nok snø i fjellet i år og, seier generalsekretær Dag Terje Klarp Solvang i Den Norske Turistforening (DNT).
Foreininga lovar klassisk påskestemning for alle som drar til fjells.
– 4.300 km med skiløyper blir kvista og rundt 550 hytter over heile landet blir gjort klare til storinnrykk, seier Solvang.
Les intervjuet med den nye DNT ung-leiaren: – Vil at mine barnebarn skal få oppleve gleda av urørt natur
Overnattingsrekord
Overnattingstala til DNT frå 2018 vitnar om at hyttetilboda er populære. På fem år har DNTs hytter hatt ein auke i talet på overnattinger på 19 prosent, og i fjor opplevde foreininga ein vekst på 8.500 overnattingsdøgn. Dette er ny rekord.
Sjølv om påsken kjem seinare enn i fjor, trur generalsekretæren at folk framleis vil nytte sjansen til lange, solrike dagar i fjellet.
– Det er liten tvil om at hyttetur i påsken framleis er ein tradisjon som står sterkt. Våre betente hytter på fjellet melder om stor pågang og mange telefonar no i dagane opp mot påske, seier han.
Lover snøsikker påske
Trondhjems Turistforening har seks betente hytter i Trollheimen og Sylan, og det blir rapportert om rikeleg med snø i heile området.
– Med dette langtidsvarselet går det mot draumepåske! Snøen er fast og fin, og ein kan nærast gå over alt i terrenget. Det er 3 centimeter med nysnø på toppen i Trollheimen, medan Sylan har 10, fortel informasjonssjef Jonny Remmereit i Trondhjems Turistforening.
DNT Oslo og omegn har hytter og ruter på Hardangervidda, Skarvheimen, Jotunheimen, Breheimen, Rondane, Dovre, Femundsmarka og Langsua. Der blir det også meldt om gode påskeløyper.
Les også: DNT ung lanserer regnbogelue og singeltreff for skeive