Elevar med interesse for realfag får permanent tilbod
Prøveordninga med talentsenter for elevar med stort læringspotensial innan realfag blir eit permanent tilbod.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Talentsentera har levert eit tilbod som er imponerande i kvalitet og omfang, konkluderer evalueringa av tilbodet.
– Talentsentera inspirerer og løfter elevar som har stor interesse for matematikk, naturfag og teknologi. Vi gjer no denne prøveordninga permanent, seier kunnskaps- og integreringsminister Jan Tore Sanner i ei pressemelding.
Skal løfte realfagskompetansen
Sentera blei etablert i 2016 og har avdelingar i Tromsø, Trondheim, Bergen og Oslo. Det er Norsk institutt for studiar av innovasjon, forsking og utdanning (Nifu) som har evaluert sentera. Tiltaket er ein del av regjeringa sin strategi for å løfte realfagskompetansen hjå barn og unge.
Målet med sentera er å gi elevar med stor interesse og kompetanse større utfordringar og skape nettverk med andre som beherskar realfag på avansert nivå.
Tilbodet er for elevar frå 7. trinn til andre året på vidaregåande opplæring. Satsinga med dei fire sentera utgjer 8 millionar kroner årleg.