Samferdsleministeren vil ikkje betala meir for miljøvenlege ferjer
Utviklinga av ny teknologi for ein grøn ferjesektor er dyrt. Kostnaden med miljøvenlege ferjer må fylka ta sjølv, meiner samferdsleminister Jon Georg Dale (Frp).
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Endringa i transportbransjen kjem ikkje av seg sjølv, det trengst mellom anna konkurranse og fornuftige innkjøp, seier samferdsleminister Jon Georg Dale (Frp).
Dei siste åra har ferjesektoren gått gjennom ei raskt teknologisk utvikling med stillegåande elektriske ferjer. No blir det jobba med å utvikla hydrogendrift for ferjene.
Men den stille, grøne revolusjonen i ferjesektoren kostar. Under Ferjekonferansen 2019 utfordra samferdsleministeren bransjen ein til å finne måtar å investera i ny teknologi i, som på same tid held kostnadane nede.
Fylka etterlyser ferjepengar
Fylka er mellom dei som kjøper inn ferjetenester, og gjennom regionreforma får dei endå større ansvar for å kjøpa transporttenester.
Fylkespolitikarar i fellesnemnda for det nye fylket Vestland er blant dei som har uttrykt bekymring for at det ikkje følgjer med pengar når fylke får nye krav om å kutta i utsleppa.
– Eg meiner at dei fylka som har gjort ein viktig jobb med utskiftinga av ferjeflåten er privilegerte med at dei ligg tidleg i løypa, seier Dale til Nynorsk pressekontor.
Møre og Romsdal brukar til dømes meir pengar på drift enn overføringane frå staten.
– Ubalansen blir berre større, sa samferdslesjef Arild Fuglseth i Møre og Romsdal på konferansen. Han viser til at ein av konsekvensane er at dei må kutta i tilbodet.
I dag er ordninga slik at fylka får same beløp anten dei køyrer gamle dieselferjer eller vel utsleppsfrie løysningar.
Dale kan ikkje lova meir støtte
Samferdsleministeren peikar på at fylkeskommunane har fått overført pengar gjennom rammeoverføringar, i tillegg til frie midlar og summen av pengane som er øyremerkt samferdslesektoren.
– Dei kan bruka midlane dei har tilgjengeleg som regional utviklingsaktør. Når staten kjøper ferjer så kjøper me batteriferjer. Det kan fylkeskommunane også gjera, mange gjer det i dag allereie, og det er veldig bra, sa Dale.