Miljøferjer kan bli dyrt for kystfylka

Ferjeflåten i Noreg skal fornyast. Gamle ferjer med høgt utslepp skal dei neste ti år bli bytt ut med nye fornybare ferjer. Kystfylka kan ende opp med store utgifter, fryktar fylkesordførarar.

Nynorsk Pressekontor
Publisert
Oppdatert 25.11.2017 21:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Innan 2030 ser Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) føre seg at to av tre ferjesamband skal drivast med elektriske ferjer.

Både i Hordaland og Sogn og Fjordane er dei i gang med å byte ut ferjene.

– Vi ser at det kostar mykje pengar for det offentlege. Det er mellom anna fylket som må ta rekninga for å byggje ut ferjekaiene, seier fylkesordføraren i Sogn og Fjordane, Jenny Følling, til NRK.

– I verste fall fryktar vi at dette vil gå ut over tenestetilbodet til innbyggjarane våre. Det trur eg ikkje det er nokon som ønskjer, seier Følling.

Det skal byggjast ladestasjonar slik at ferjene kan lade medan bilane køyrer om bord, og ein må strekkje nye kraftlinjer ned til kaiene. Ifølgje fleire fylkesordførarar kan det bety utgifter på fleire titals millionar for fylka det gjeld, skriv statskanalen.