Vil hungra etter Kina-kunnskap
Studentar som vel å reise på utveksling til Kina investerer i framtida si, ifølgje NHO. Men draumejobben kjem truleg først om nokre år.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Erfaring frå Kina er noko vi er særleg opptekne av no, då det er ein stor, veksande marknad, seier Are Turmo, kompetansedirektør i Næringslivets Hovedorganisasjon (NHO).
Universitetet i Bergen (UiB) utvidar no samarbeidet sitt med kinesiske institusjonar, blant anna også til Det juridiske fakultet.
– Kina gjer seg stadig meir gjeldande i internasjonal forsking. Det er derfor viktig for oss å samarbeide meir med kinesiske institusjonar. Vi veit òg at næringslivet er opptekne av å utvikle samband med Kina, seier Astri Andresen, viserektor for internasjonale relasjonar ved UiB.
Viktig å forstå
Kina har vore ein prioritet for Kunnskapsdepartementet sidan 2008.
– Kina har verdas største utdanningssystem og vil bli ein enormt viktig samarbeidspartner for norsk næringsliv og forvaltning, også innan kunnskapsutvikling, seier forskings- og høgareutdanningsminister Tora Aasland.
Også UiB ser Kina som viktig for å vere oppdaterte på kva som foregår i verda.
– Både innan politikk og samfunn er Kina viktig for å forstå korleis verda endrar seg. Dette er viktig for både universitetet og studentane sjølve, seier Andresen.
Mia Louise Farstad var i Kina i samband med Utviklingsstudiar ved UiB, og angrar ikkje på at ho reiste.
– Eg hadde stort utbytte av opphaldet. Særleg i forhold til å kunne forstå ein heilt annan kultur, men også å lære og sjå min eigen kultur på ein annan måte, fortel Farstad.
Det er framleis vanlegast å utveksle til dei engelskspråklege landa, men Farstad meiner fleire burde prøve å reise til Kina.
– Det er mykje å sjå og oppleve, og kvaliteten på undervisninga var svært høg. Eg var både på Fudan University i Shanghai og Yunnan University i Kumming.
Kulturell kompetanse
– Eg lærte korleis ein skal møte andre kulturar, og korleis forholde seg til folk som tenkjer annleis. Reiser ein til USA eller England veit ein kva ein går til og korleis ting fungerer. Eg trur ein får større personleg utbytte av å reise til Kina, seier Farstad.
I næringslivet treng dei folk med denne forståinga.
– Skal vi samarbeide med kinesiske bedrifter treng ein kunnskap om korleis dei tenkjer for å ikkje trå feil. Dersom fleire får slik kompetanse vil det også gi grunnlag for meir næringssamarbeid med Kina, seier Turmo.
Langsiktig
Sjølv om kompetanse om Kina vil bli viktigare og viktigare, er språk- og kulturkompetanse aleine ingen garanti for at ein får draumejobben.
– Det er spesielt viktig å ha ein dobbel-kompetanse. At ein både har studert til dømes ingeniør-, real-, eller kommunikasjonsfag og har kompetanse innan kinesisk språk og kultur. Det er ikkje minst framover i tid at denne typen erfaring vil vere svært viktig, seier Turmo i NHO.
Han legg til at det per i dag er få som har denne typen kompetanse i Noreg i høve til korleis behovet vil bli framover.
LES OGSÅ: Stor forskjell å læra språk i utlandet
Farstad søkjer no etter jobb, og håpar erfaringane frå Kina vil gi ho ein fordel.
– Landet blir stadig viktigare og det er då viktig med erfaring som gir innsikt i korleis kinesarane tenkjer og landet fungerer.
Må informere
Forskings- og høgareutdanningsminister Tora Aasland trur informasjon er nøkkelen til å få fleire studentar til Kina.
– Det viktigaste universitetet kan gjere er å gi tilstrekkeleg med informasjon om moglegheitene, seier Aasland.
UiB vil i januar vie internasjonal veke til Kina, India, Brasil og Russland.
– Vi håpar å kunne gi mykje god informasjon til studentane om moglegheitene vi tilbyr i Kina denne veka, seier Andresen.
Faktaboks
STUDIAR I KINA
– UiB har per i dag samarbeidsavtalar med 15 kinesiske universitet.
– Studentar som reiser til Kina på utveksling får støtte frå Lånekassen til fem veker med språkkurs før semesteret startar.
– I regjeringa sitt forslag til statsbudsjett vil dei ha ei ordning der gradsstudentar kan få økonomisk støtte til opp til to semester med språkutdanning i Kina.
– Studentar kan også få støtte gjennom ANSA og Senter for internasjonalisering av utdanning (SIU).