Krev like rabattar

Elevar og studentar får studentmoderasjon på buss- og båtbillettar fordi dei er under opplæring, men det får ikkje lærlingar. – Urettvist, seier elev- og lærlingeombodet.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Mange lærlingar og foreldre har ringt meg og tykkjer dette er urettvist. Lærlingar er også i vidaregåande opplæring. Sjølv om dei er ute i lære, så er dei like fullt i opplæring, seier Venke Nordeide, elev- og lærlingeombod i Sogn og Fjordane.

I praksis betyr dette at dei som satsar på å verta fagarbeidar, får dyrare kollektivreiser enn om dei tek allmennfagleg utdanning.

Politikarane avgjer
Sjølv om lærlingar har løn, påpeikar Nordeide at den ikkje på nokon måte er høg. Nordeide tok opp spørsmålet om rabattordningar under fylkestinget for ungdom på Hermansverk sist helg, og oppmodar alle parti på fylkestinget til å gå inn for rabattordning også for lærlingar.

– Dette har vore eit sterkt ønske over tid, og eg følte eg måtte ta dette opp. Min førespurnad gjekk til dei vaksne fylkestingrepresentantane i salen, seier Nordeide.

Responsen frå fylkesordførar Åshild Kjelsnes (Ap) var at Ap har programfesta å jobba for at lærlingar skal få lik moderasjon på kollektivtransport.

I denne saka sit altså fylkespolitikarane med makta, og fylkeskommunen må dekkja kostnadene.

Ungdomskort
Åshild Kjelsnes trekk og fram at talet lærlingar som blir omfatta avgrensar seg, fordi alle kan bruka ungdomskortet til dei er 20 år. Også varaordførar Jenny Følling (Sp) trekk fram ungdomskortet. For 350 kroner månaden kan ungdomane følgja buss og båt i fylket. Men lærlingar kan vera over aldersgrensa for ungdomskortet.

– Me kan sjå på om dette er eit problem, og me kan sjå på ungdomskortet si aldersgrense, seier Følling.

Kjelsnes går litt lenger i lovnaden om å jobba for like moderasjonar.

– Våre folk vil ta dette opp i samferdsleutvalet, og be om ei utgreiing og kostnadsramme. Men eg torer ikkje spå at me får det inn i budsjettet i haust, seier Kjelsnes.

Fylkesordføraren meiner og at dette må takast opp både lokalt, og som eit prinsipielt spørsmål på nasjonalt nivå.

LES SAKA I SOGN AVIS!