Quiz: Kven kan mest kvensk?
Framtida feirer kvenfolkets dag med quiz!

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Denne quizen var først publisert i 2019.
I dag er det kvenfolkets dag! Så kvifor ikkje slå på stortromma med kaffi, kaker og quiz? Framtida.no har ordna ein av delane med god hjelp frå Kvensk Institutt.
Quiz: Kven kan kva om kvensk?
- Spørsmål 1 av 10
1.
Norsk er eit germansk språk, men kva type språk er kvensk?
Førebels har du ein upåklageleg treffprosent: Korrekt!
Kvensk er eit finno-ugrisk språk. Det nærmaste søskenspråket til kvensk er meänkieli – språket i Sverige som også vert kalla tornedalsfinsk.
Ai, dårleg start: feil.
Kvensk er eit finno-ugrisk språk. Det nærmaste søskenspråket til kvensk er meänkieli – språket i Sverige som også vert kalla tornedalsfinsk.
- Spørsmål 2 av 10
2.
Finsk er, som namnet kanskje indikerer, også eit finno-ugrisk språk. Men kan kvenar og finnar forstå kvarandre?
Heilt rett!
Svaret er ja! Både kvensk- og meänkielitalande kan kommunisere med finsktalande med kvar sine språk utan problem. Noko finsk snøvleproblem er ikkje kjent.
Du gjekk ikkje i snøvle-fella, vel?
Både kvensk- og meänkielitalande kan kommunisere med finsktalande med kvar sine språk utan problem.
- Spørsmål 3 av 10
3.
Kva tyder det kvenske ordet kieli? (Hint: Det tyder det same som det nordsamiske ordet giella. Dette er altså ein liten konkurransefordel til dei som har teke Framtida sin samiske quiz og har godt minne.)
Korrekt! No er du vel takksam for det samisk-hintet?
Kieli tyder språk.
Samisk er forresten også eit finno-ugrisk språk, så veit du det.
Ai, du bommar.
Kieli tyder verken bok eller kjele, det tyder språk!
Var det samisk-hintet som forvirra deg? Du skal få denne tilleggsinformasjonen som plaster på såret: Samisk er også eit finno-ugrisk språk!
- Spørsmål 4 av 10
4.
Kva heiter det kvenske språket på kvensk?
Korrekt!
Kvenane har to ulike namn på språket sitt på kvensk: kväänin kieli og kainun kieli. På finsk heiter kvensk kveeni!
Feiiil.
Kvenane har to ulike namn på språket sitt på kvensk: kväänin kieli og kainun kieli. På finsk heiter kvensk kveeni!
- Spørsmål 5 av 10
5.
Kor mange hovudvariantar av dialekt kan ein dele kvensk inn i?
Det stemmer!
Dei tre varianten er Porsanger og Nordreisa-varianten, Varanger-varianten og den såkalla elvedalsvarianten.
Gjekk du FEM på? Rett svar er tre hovudvariantar av kvenske dialektar.
Desse er Porsanger og Nordreisa-varianten, Varanger-varianten og den såkalla elvedalsvarianten.
- Spørsmål 6 av 10
6.
Kva er det det kvenske ordet for kjærleik?
Korrekt!
Det kvenske ordet for kjærleik er rakkhaus. Dei to andre orda tyder også kjærleik, men høvesvis på russisk og nordsamisk.
Nei og nei.
Rett nok tyder dei to andre også kjærleik, men høvesvis på russisk og på nordsamisk. Kjærleik på kvensk er rakkhaus.
- Spørsmål 7 av 10
7.
Kor mange snakkar kvensk i Noreg i dag? Til info er vi 5.328.000 millionar innbyggjarar i Noreg per no.
Det stemmer!
Ifølgje Kvensk Institutt vert det rekna med at det finst kring 10 000 til 15 000 kvenar i Noreg, og at mellom 2000 og 8000 snakkar kvensk/finsk i dag.
Der var du vel optimistisk, det er nok færre enn som så.
Ifølgje Kvensk Institutt vert det rekna med at det finst kring 10 000 til 15 000 kvenar i Noreg, og at mellom 2000 og 8000 snakkar kvensk/finsk i dag.
- Spørsmål 8 av 10
8.
Om nokon spør om du vil ha kaffi og leipä, kva får du servert då?
Hallelujah, du svarar rett!
Leipä tyder brød på kvensk. «Men kva er det kvenske ordet for kaffi, då?» tenker du i ditt stille sinn, medan du stirrar ut glaset og du stryk deg sakte over haka. Det kvenske ordet for kaffi er: kaffi!
No blæs eg i fløyta for du var skikkeleg på kaketur.
Leipä tyder brød på kvensk. «Men kva er det kvenske ordet for kaffi, då?» tenker du i ditt stille sinn, medan du stirrar ut glaset og du stryk deg sakte over haka. Det kvenske ordet for kaffi er: kaffi!
- Spørsmål 9 av 10
9.
Tradisjonelt har kvensk i Noreg vore i bruk i Troms og Finnmark. Så den kvenske ordet for «snø» kjem godt med. Kva for ei glose er rett?
Du er ikkje bortkomen bak ei snøfonn. Du har heilt rett!
Lumi er det kvenske ordet for snø. Vesi tyder på si side vatn på kvensk.
No er du på bærtur i snøen, og det veit vi er lite vits i.
Lumi er det kvenske ordet for snø. Vesi tyder på si side vatn på kvensk.
- Spørsmål 10 av 10
10.
Kva år fekk kvensk språk status som minoritetsspråk i Noreg?
Rett! Det var i 2005.
Den kvenske språkdagen vert markert kvart år den 26. april for å feire!
Du er litt på ville vegar igjen.
I 2005 fekk kvensk språk status som minoritetsspråk i Noreg, og difor vert den kvenske språkdagen markert den 26. april kvart år for å feire!
Resultat:
Vurdering:
Les også om kjøkkenspråket som forsvann, og innsatsen for å finne det att: – Om ingen lærer språket, så kjem det til å døy ut. Slik er situasjonen for kvensk no.
Les også historia bak denne moderne klassikaren: