Nytt lærings- og helsetilbod i reindrifta

Regjeringa har sett av 2,5 millionar kroner til å etablere «Ut på Vidda» som er eit permanent lærings- og omsorgstilbod i reindrifta.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Tilbodet er retta mot barn, unge og vaksne med spesielle behov og som treng ein trygg arena.

Personar som deltek på «Ut på vidda»-tilboda får delta på praktiske oppgåver, fysisk aktivitet, gode opplevingar i naturen, måltid, få kontakt med dyr og blir ein del av eit fellesskap, melder Landbruks- og matdepartementet.

Les også reportasjen om 16 år gamle Viktoria som tok på seg kufta og reiste i retten for å møte samehetsaren ansikt til ansikt. 

Tilleggsnæring for reindrifta

– «Ut på vidda» er eit verdifullt tilbod for personar som har ulike utfordringar, og er ein stor ressurs for kommunane, seier landbruks- og matminister Olaug Bollestad i pressemeldinga.

Ho legg til at det er ei god tilleggsnæring for reindrifta.

Fylkesmannen i Troms og Finnmark melder om at mange ønsker å tilby lærings- og omsorgstenester i reindrifta. Tilbodet dekker Finnmark, Troms, Nordland og Trøndelag.

«Ut på vidda» vart testa som eit treårig prøveprosjekt, og vart leia av Fylkesmannen i Troms og Finnmark. Prosjektet blir finansiert over reindriftsavtalen.

Les også om Elle Márjá og Mai-Lis Eira som har laga kortfilmen «Samene har rett» om å vere reindriftssame i dag: – Reindriftssamar mistar beiteområda sine omtrent kvar dag og det er veldig trist. 

Filmskapar og reineigar Mai-Lis Eira framfor ei av mastene til Statnett i kortfilmen «Samene har rett». Foto: Ken Are Bongo