Lærer best i barnehagen
18 år gamle Eshan Miakhel frå Afghanistan lærer norsk i praksis i barnehagen.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Eshan (18) lærer best i barnehagen
Eshan Miakhel ønskte å lære seg norsk då han kom til hit til landet som 16-åring. Barnehagen vart den beste læreplassen for ungdommen.
Å sitje på skulebenken og lære språket var ikkje tilstrekkeleg, derfor valde Eshan Miakhel å skaffe seg praksisplass i barnehage.
– Eg lærer norsk her, og eg likar å jobbe med barn, seier Miakhel til NRK Troms og Finnmark.
Han ønskjer å bli lege ein gong i framtida. Nett no er han ferdig med praksisplassen i barnehagen, men barnhagen er så fornøgde med arbeidet hans at dei har gjeve han jobb som fast vikar.