Tenner varde for oljefritt Lofoten, Vesterålen og Senja: Eit tydeleg signal til Arbeidarpartiet

AUF er eitt av 18 parti og lag som laurdag skal delta i den landsdekkjande markeringa.

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– For tiande året på rad arrangerer vi vardebrenningar over heile landet for å gje Arbeiderpartiet eit tydeleg signal om å snu i spørsmålet om oljeboring utanfor Lofoten, Vesterålen og Senja.

Det seier Odd Arne Sandberg, Gaute Eiterjord og Silje Lundberg i ei pressemelding. Leiarane i høvesvis Folkeaksjonen Oljefritt Lofoten, Vesterålen og Senja, Natur og Ungdom og Naturvernforbundet.

Vardebrenning er ein tradisjonell måte å vise at fare er på ferde, seier høvesvis Odd Arne Sandberg (t.v.), Gaute Eiterjord og Silje Ask Lundberg. Dei skal no tenne varder for å varsle om at LoVeSE er trua og politikarane må ta eit standpunkt, står det i pressemeldinga. Pressefoto.

Arbeiderpartiet må lytte til grasrota

Dei har gått saman for å sende ein felles beskjed til Arbeiderpartiet i førekant av landsmøtet i april om at partiet no bør seie ja til eit oljefritt LoVeSe:

– Lytt til forskarar, fiskarar og grasrota i partiet.

Nyleg gjekk begge fylkeslaga Innlandet og Møre og Romsdal Arbeiderparti inn for eit oljefritt Lofoten, Vesterålen og Senja. Det tyder at 10 av 15 fylkeslaga til Ap går imot konsekvensutgreiing i området. AUF går hakket lenger, og gjekk på landsmøtet i fjor inn for ei styrt avvikling av petroleumsindustrien innan 2035.

Meir enn 50 stadar i landet skal delta, og nokre vardar vil også verte tende utanfor norske grenser: