1 av 4 unge vaksne vil fjerne informasjon om seg sjølv på internett

23 prosent av dei mellom 18 og 29 år ønsker å få fjerna bilde og informasjon om dei som kan dukke opp i nettsøk.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Dette er alvorleg. Når vi veit at datakriminalitet er den forma for kriminalitet som flest nordmenn blir utsett for, er det urovekkjande at så mange unge menneske opplever at dei har privat informasjon ute på nettet, seier Georg Richvoldsen, kommunikasjonssjef i Codan Forskiring, i ei pressemelding.

Det er i regi av forsikringsselskapet at Norstat har undersøkt i kor stor grad unge vaksne vil fjerne informasjon ein kan finne om dei på internett. Blant heile folket uavhengig av alder er det 10 prosent som helst skulle ha fjerna informasjon frå internett, medan 25 prosent svarer at dei er usikre.

I fjor var det 18 prosent av dei unge og åtte prosent blant heile folket som ønskte det same.

Les meir: Sjølv om nordmenn er på verdstoppen i teknologi, er ein del av oss ganske naive når det gjeld datatryggleik