Nordmenn naive på datatryggleik

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kommunikasjonsrådgivar Sigmund Clementz i If forsikring seier til Dagsavisen at sommaren byr på fleire utfordringar, både heime og på ferie.

– Éin av tre nordmenn er til dømes lite bevisste på kva datanettverk dei koplar seg på i utlandet, til dømes på flyplassar, seier han. Clementz nemner mellom anna pålogging på nettbank på offentlege nettverk som ein risiko.

– Det finst enkle måtar å registrere tastetrykka dine på. Sjølv om tilgangen til nettbanken din er kryptert, vil ikkje det hjelpe deg.

Les òg: Hackarar brukar Noreg som skalkeskjul

– Paradoks at kunnskapen er låg

Sommaren opnar òg for fleire svindelmoglegheiter heime. Mellom anna fordi det er mange vikarar på jobb som har andre arbeidsoppgåver enn vanleg, og som derfor kan bli lurte om dei ikkje er varsame nok.

– Vi synest det er et paradoks at alle tala på cybertryggleik viser at trusselen aukar, men at kunnskapen om risikoen ved datainnbrot er låg. Ein kan jo til dømes tape millionar av kroner, eller alle kundedata, seier Clementz.

Ifølgje Bjarne Malmedal, seniorrådgivar i Norsk senter for informasjonssikring, får mellom 50 og 60 prosent av tilsette i norske bedrifter opplæring i datatryggleik.

Les òg: Fem tips for å ikkje bli misbrukt av Facebook