Fleire vil gi vekk kroppen når dei døyr

Alle dei fire universiteta som tar imot døde kroppar til undervisning og forsking, registrerte ein auke i fjor frå tidlegare år.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Forteljinga om professor Torbjørn Sikkeland, som donerte kroppen sin til forsking i 2014, er ei av årsakene til auken, skriv NRK.

– Me er veldig takksame for alle førespurnadene i året som har gått, frå folk som har høyrt om Sikkelands val og vurderer det same, seier professor Mahmood Amiry-Moghaddam ved Universitetet i Oslo til kanalen.

Lekamsdonasjon er eit viktig bidrag til utvikling og for halda oppe kunnskapen og ferdigheitene hjå helsepersonell. Teknologien kan ikkje erstatta ekte kroppar, seier Amiry-Moghaddam.

– I tillegg til å bruka ekte menneskekroppar i utdanninga av nye legar, er kroppane svært viktige når legar skal spesialisera seg. At me fekk over 30 nye avtalar berre ved Universitetet i Oslo i 2018, er svært verdifullt.

Les også om organdonasjon som kan redde liv: Rakel fekk mamma si nyre

Kunne du tenkje deg å gje vekk kroppen din til forsking?

Kunne du tenkje deg å gje vekk kroppen din til forsking?

Ja, forsking er bra4
Nei4
Vil berre vere organdonor7
Nei, det er for privat1
Svar totalt: 16