Dette får du ikkje lov til å skriva

Ny rettskrivingsnorm godkjent.

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kulturdepartementet godkjente torsdag framlegget frå styret i Språkrådet om ny rettskriving i nynorsk. Framlegget frå rettskrivingsnemnda vart vedtatt av Språkråd-styret 20. mai og har vore til behandling i Kulturdepartementet sidan.

Endringane i kva som vil vera rett nynorsk vil ikkje gjelda før 12. august 2012.

Den nye norma, som ikkje skil mellom hovud- og klammeformer, er utarbeidd av ei eiga rettskrivingsnemnd som har vore leidd av Grethe Riise. Norma har færre valfrie former enn dagens rettskriving, men er laga slik at dei fleste skal kunne halda fram med å skriva slik dei gjer i dag.

Mindre brukte former som til dømes i-mål (bygdi og fjelli) og former som noe og hennes sluttar å vera godkjent rettskriving.

– Flaggdag
– Vi i Språkrådet meiner vi gav statsråden eit godt råd, og vi er svært glade for avgjerda. Dette er ein liten flaggdag for viljen til å bli samde, seier ein fornøgd styreleiar Ottar Grepstad i Språkrådet.

LES OGSÅ: Seier ja til "dokker"

Han håpar no at motstandarane av den nye rettskrivinga vil slutte seg til det nye rettskrivingsregimet.

Informasjonskampanje
– No vonar eg at dei som har vore mot framlegget til ny rettskriving, grip sjansen til å bli med på det styrkeløftet dette er for ein moderne nynorsk, der alle talemålsområda i landet endeleg er likeverdige. 2012-normalen er laga for å vara svært lenge, seier Grepstad.

LES OGSÅ: Vurderer å flytta til Hawaii

No skal Språkrådet i gang med å leggja til rette for at den nye norma kan takast i bruk frå neste haust. I sommar vedtok styret ein plan for ei ny utgåve av Nynorskordboka – den offisielle ordboka for nynorsk – nye kursopplegg, informasjonspakkar, og brosjyrar til skulane.

Faktaboks

Dei viktigaste endringane:

– Alle ord vert hovudformer, sideformer (klammeformer) forsvinn. Til dømes vert no og nå likeverdige og kan begge brukast i offentleg språk.
– Mindre brukte former som til dømes i-mål (bygdi og fjelli) og former som noe og hennes sluttar å vera godkjent rettskriving.
– Det vert berre mogleg å ha diftong i ord som køyre og flaum
– Det vert berre mogleg å ha dobbel konsonant i mange ord som til no har hatt sideform med enkel konsonant
– J-en vert valfri i verb som byggje og hokjønnsord som bryggje