Astrup blir Noregs første digitaliseringsminister

Den nye regjeringskabalen er lagt. Med ny post som digitaliseringsminister får vi fire nye statsrådar.

Janne Merete Bøyum
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Kongen har i statsråd i dag gjort endringar i regjeringa, står det på regjeringen sin nettstad.

I førkant av regjeringskabalen ønska leiar for Unge Venstre Sondre Hansmark andre posisjonar for venstrepolitikarane. Det har han ikkje fått oppfylt, då det berre er KrF, og FrP som har fått nye statsrådpostar.

Den største endringa er kanskje den heilt nye posten som digitaliseringsminister.

Dei nye statsrådane

Kjell Ingolf Ropstad

Kjell Ingolf Ropstad frå KrF tar over som barne- og familieminister. Foto: Høgre

Det er fire stykker som kjem inn som ny statsråd. Kjell Ingolf Ropstad (KrF) tar over som barne- og familieminister etter Linda Cathrine Hofstad.

Olaug V. Bollestad (KrF) tar over som landbruks- og matminister etter Bård Hoksrud. Ingvil Smines Tybring-Gjedde (Frp) går inn på den nye posten samfunnssikkerheitsminister, medan Tor Mikkel Wara held fram som Justis- og innvandringsminister.

Olaug Bollestad

Olaug Bollestad blir den nye landbruks- og matministeren etter Bård Hoksrud. Foto: Høgre

Dag Inge Ulstein (KrF) tar over som utviklingsminister etter Nikolai Astrup. Astrup går over til å bli Noregs første digitalieringsminister.

UiB positive til digitalminister

Universitetet i Bergen er svært glade for å få ein digitaliseringsminister.

– Vi er glade for at regjeringen oppnemne ein digitaliseringsminister. Som leiande både innan forskning og utdanning på feltet ser vi fram til å samarbeide med Nikolai Astrup, seier rektor ved UiB, Dag Rune Olsen i ei pressemelding.

Han er opptatt av at digitaliseringen av samfunnet gir store moglegheitar for både næringsliv og offentleg sektor.

– Samtidig påverkar teknologien arbeidsliv og menneskeleg samhandling. Ein eigen digitaliseringsstatsråd gir regjeringen ein unik moglegheit til å gjennomføre ei heilskapleg politikk for digitalisering av samfunnet, seier han.

Blir sittande

Desse statsrådane blir sittande på sin post:

  • Erna Solberg (H) – Statsminister
  • Trine Skei Grande (V) – Kultur- og likestillingsminister
  • Siv Jensen (Frp) – Finansminister
  • Jan Tore Sanner (H) – Kunnskaps- og integreringsminister
  • Jon Georg Dale (Frp) – Samferdselsminister
  • Monica Mæland (H) – Kommunal- og moderniseringsminister
  • Bent Høie (H) – Helse- og omsorgsminister
  • Ine Eriksen Søreide (H) – Utanriksminister
  • Torbjørn Røe Isaken (H) – Næringsminister
  • Anikken Hauglie (H) – Arbeids- og sosialminister
  • Frank Bakke-Jensen (H) – Forsvarsminister
  • Åse Michaelsen (Frp) – Eldre- og folkehelseminister
  • Ola Elvestuen (V) – Klima- og miljøminister
  • Iselin Nybø (V) – Forskings- og høgare utdanningsminister
  • Harald Tom Nesvik (Frp) – Fiskeriminister
  • Kjell-Børge Freiberg (Frp) – Olje- og energiminister