14 millionar ekstra til nynorsktiltak
Det Norske Teatret får sju millionar til nytt prosjekt.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
14 millionar ekstra til nynorsk- tiltak
Regjeringspartia legg fram ei nynorskpakke på 13,7 millionar kroner i statsbudsjettet for 2012. Det Norske Teatret får 7 millionar til eit integreringsprosjekt for innvandrarar i scenekunsten.
– Nynorskpakka er ein del av den totale satsinga innanfor kultur. Det er gledeleg at det er ein auke utover prisstiginga, og det er spesielt gledeleg at me får det til i eit stramt budsjett, seier stortingsrepresentant Ingrid Heggø (Ap), leiar i Løvebakken Mållag. Saman med nestleiar Bård
Vegard Solhjell i SV og ordførar Ragnhild Aarflot Kalland (Sp) i Volda la ho fram nynorskpakka i Ivar Aasen-tunet torsdag.
– Det nynorske skriftspråket er under press, og det er viktig å satse på tiltak som styrkjer nynorsken,seier Solhjell. Han peikar på at det er ei rekkje tiltak rundt om i landet som no får meir pengar til disposisjon.
I tillegg til storsatsinga på Det Norske Teatret, får Nynorsk kultursentrum i Ørsta 2,2 millionar kroner til å arbeide vidare med planane for eit nasjonalt språkår i 2012 og til å byggje opp Olav H. Hauge-senteret i Ulvik. Hordaland teater får 1 million til å styrkje arbeidet med scenekunst på nynorsk, og Nynorsk pressekontor får 500.000 til å styrkje nyheitstilbodet på nynorsk. Også Ryfylkemuseet, Opera Nordfjord og Språkrådet får auka løyvingar for 2012.
Vilje til satsing
– Dette viser at det er vilje til satsing, seier Ottar Grepstad, direktør i Nynorsk kultursentrum og sekretær i Nynorsk Forum, som er eit samarbeidsorgan for nynorske institusjonar, organisasjonar og bedrifter. Nynorsk Forum la i vår fram dokumentasjon som viste at nynorskløyvingane utgjorde ein mindre del av kulturbudsjetta under Stoltenberg-regjeringa enn dei gjorde under tidlegare regjeringar.
– Dette var vi overraska over, og eg trur også departementet vart overraska, seier Grepstad, som er nøgd med at nynorskpakka er i tråd med prioriteringane frå Nynorsk Forum.
Gode ambassadørar
– Alle desse tiltaka er gode ambassadørar for nynorsken, og eg vil spesielt trekkje fram teater. Det å spele på nynorsk og dialekt er veldig viktig, mellom anna fordi barn og unge då blir eksponert for språket, seier Heggø, som meiner dei som brukar nynorsk må bli enda flinkare til å vere stolte over språket sitt.
Ho trur likevel ikkje at nynorskpakka er nok til å blidgjere misnøgde vestlendingar etter mastestrid og lokalsjukehusdebatt. I Eid kommune i Nordfjord viser ei meiningsmåling at Arbeidarpartiet har 6,2 prosent oppslutnad, og då hjelper det lite med 300.000 ekstra til Opera Nordfjord.(©NPK)