Helleland varslar ny stortingsmelding om ungdom

Barne- og likestillingsminister Linda Hofstad Helleland (H) varslar ei ny stortingsmelding som tek føre seg unges levekår og framtidsutsikter.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

20 år etter at førre stortingsmelding om ungdomspolitikk vart lagt fram, er det ifølgje Helleland på tide at det blir forma ut ny, gjennomgripande politikk for ungdom.

Barne- og likestillingsministeren legg vekt på at kvardagen til ungdommane ser heilt annleis ut no enn for 20 år sidan.

– I siste ungdomsmelding var det skular utan tilgang til internett, og sosiale medium var ikkje nemnt. Vi må forstå korleis dagens unge lever liva sine, med moglegheitene og utfordringane det gir, og vi må forme ein politikk som legg til rette for det gode ungdomslivet, seier Helleland.

Les også: Kven fekk ungdom til å føle seg verst i 2018?

Stemma til ungdomane er viktig

Den nye stortingsmeldinga for unge, som skal gjelde alle unge mellom 13 og 25 år, vil derfor ta opp ei rekkje tema, mellom dei engasjementet til ungdommar, demokrati og at alle har like moglegheiter. I tillegg vil meldinga sjå på fleire sentrale sider ved kvardagen til ungdommane i dag – det vil bli sett på den digitale kvardagen, helse, stress og press, einsemd og mobbing, hatkriminalitet og vald.

Når den nye stortingsmeldinga skal formast ut, er stemma til ungdommane viktig. Barne- og likestillingsministeren har derfor reist rundt for å møte unge i ulike livssituasjonar og i miljøet deira, og ho har mellom anna fått 300 innspel frå ungdom gjennom nettsida ung.no.

Meldinga skal etter plana bli lagt fram for Stortinget hausten 2020.

Les også: – Ungdommar møtest med «så søtt at du er engasjert»