Med lesebrett i undervisninga

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Med lesebrett på skulen

Smilet var stort då prosjektleiar Siv Reidun Einebærholm onsdag informerte fyrsteklasseelevane på helse- og sosialfag at dei dette skuleåret skal nytte lesebrett i undervisninga. Fredag var to representantar frå Telemark fylkeskommune på plass i klasserommet med iPadane. Helse- og sosialfagelevane på Dalen er dei fyrste i fylket som tek i bruk iPad i undervisninga.

– Det var ein god start på skuleåret, smiler elevane Silje Reine Sandok og Charlotte Skifjeld, som innrømmer at dei andre elevane på skulen blei misunnelege då nyheita blei kjent.

– Det blir nok annleis timar der me slepp å bruke penn og bøker, legg dei to til.

Den lette skulesekken
Telemark fylkeskommune inviterte i vår skulane til å kome med framlegg til ulike prosjekt. Det kom inn kring 20 framlegg, eitt av dei var frå den vidaregåande skulen på Dalen.

– Prosjektet «Den lette skulesekken» skal gje noko nytt til undervisninga, seier prosjektleiar Einebærholm.

– Det handlar om å gjere kvardagen lettare, seier Einebærholm, og legg til at den vidaregåande skulen på Dalen også var blant dei aller fyrste som tok i bruk berbare PCar til elevane for ti–elleve år sidan.

Ho trur iPaden vil hjelpe elevane til å lære meir, og at det er lettare å vere medvitne måla i læreplanen. Rune Mathiesen frå fylkeskommunen trur ein bieffekt kan vere at elevane synest det er gøy å bruke ny teknologi.

– Berbare – eller flyttbare – PCar er eit tungrodd system med mykje styr og problem, meiner Einebærholm, som veit at det blir litt prøving og feiling i starten, også med lesebretta.

– Den største utfordringa er å få til kommunikasjonen mellom iPad og læringsplattformen Fronter, seier Einebærholm.

Programvarene er ikkje tilpassa kvarandre, men det lovar IKT-koordinator Mathiesen at vil løyse seg.

Elevane må også ha tilgang på PC som eit supplement til iPaden.

Til lån
Rune Mathiesen er opptatt av at pedagogikken må kome fyrst, deretter ny teknologi. Han seier fylkeskommunen var opptatt både av geografisk og fagleg spreiing då dei valte ut prosjekta. Han er full av skryt til prosjektet på Dalen.

– Det er ikkje ein fare at lesebretta blir eit leiketøy?

– Det er lettare å leike på ein PC. På iPad blir ein tvinga til å fokusere på ein ting om gongen, seier Mathiesen.

Elevane låner lesebretta av fylkeskommunen. Prosjektet er i utgangspunktet eitt-årig. I tillegg til den vidaregåande skulen på Dalen vil også ei klasse på Skogmo vidaregåande skule, og to klasser på Croftholmen nytte lesebrett i undervisninga dette skuleåret.

– Korleis ser kvardagen til elevane ut om fem år?

– Då er det nok ingen som har sekk på ryggen, men heller eit lesebrett under armen, trur Einebærholm.

LES SAKA I VEST-TELEMARK BLAD!