Skodespelar Marie Blokhus debuterer som regissør
Ho er ei av våre mest populære og mest brukte skodespelarar. No debuterer Marie Blokhus (36) som regissør med eit ferskt britisk stykke.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Eg har alltid visst at eg på eit tidspunkt ville prøve meg på regi, seier Blokhus, som til dagleg er skodespelar på Det Norske Teatret.
Når ho regidebuterer skjer det derimot på Den Nationale Scene i Bergen.
– Eg snakka med nokre kjente om at eg kunne tenke meg å regissere ein gong i framtida. Så fekk teatersjef Agnete Haaland høyre om det og hadde eit stykke på den vesle scena ho ville ha nokon til å regissere. Så tenkte ho på meg.
– Først skvatt eg veldig då ho ringde, men så las eg stykket og det er så bra, at dette ville eg berre gjere, seier Blokhus til NTB.
Blokhus er ei av dei mest nytta skodespelarane våre, og har spelt mange store roller på teateret. Ho vart kjent for det store norske publikummet i NRK-komedien «Side om side», og har òg medverka i fleire filmar, som «Børning» og «Jag etter vind».
Skarpt og vittig
Teaterstykket ho regidebuterer med heiter «Våre barn», og er skrive av den unge britiske dramatikaren Lucy Kirkwood. Det hadde urpremiere på Royal Court Theatre i London i 2016. Originalversjonen har òg vore spelt i New York, der det vart nominert til den høgthengande Tony-prisen for beste skodespel.
Eg har alltid visst at eg på eit tidspunkt ville prøve meg på regi
Stykket finn stad i ei nær framtid og handlar om to pensjonerte kjernefysikarar, som begge har jobba ved eit atomkraftverk som no er øydelagt etter eit jordskjelv. Dei to får uventa besøk av ein tidlegare kollega, som dei ikkje har sett på 38 år.
Besøket fører til at dei blir tvinga til å ta nokre livsviktige val. Kor mykje er dei villige til å ofre for at framtidige generasjonar skal få det betre?
– Det er eit moderne drama med ein del mørk humor. Det er lenge sidan eg har lese eit stykke som har rørt meg så sterkt. Eg håpar verkeleg folk vil komme og sjå det, seier Marie Blokhus.
Ho seier at stykket er skrive på ein skarp og vittig måte, med gråt og latter om kvarandre.
Sjå den ferske traileren til teaterstykket:
Les også: Musikalen «Lazarus» er vårens storsatsing på Det Norske Teatret
Kollektiv jobbing
På scena står skodespelartrioen Marianne Nielsen, Jon Ketil Johnsen og Iren Reppen.
– Vi jobbar veldig kollektivt. Dei beste regissørane eg har jobba med, er dei som føretrekker å jobbe som eit team, seier Blokhus.
Det er lenge sidan eg har lese eit stykke som har rørt meg så sterkt
Om korleis ho synest det har vore å instruere i staden for å ta regi, seier ho:
– Eg synest det har vore veldig gøy. Dette er eit stykke på ei lita scene. Eg skal ikkje inn og lage dei store visuelle bilda. Det er både ei ulempe og ein fordel. Dette er veldig nakent, du har ikkje noko å gøyme deg bak. Men det er veldig spennande å leve seg inn i fleire karakterar på ei og same tid saman med skodespelarane, seier Blokhus til NTB.
«Våre barn» har noregspremiere på Lille Scene i Bergen 5. januar.
Les også om førestillinga «Vår vesle» og skamma over å flytte heim til foreldrene etter studia.