Noreg er det nest mest likestilte landet i verda

Noreg kjem på andreplass på ei ny global rangering av likestilling. Berre islendingane er meir likestilte enn oss.

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Likestillingsbarometeret , som først vart omtalt av VG , er laga av World Economic Forum og tek for seg likestillingssituasjonen i 149 land. Landa får ein samla poengsum – på mellom 0 og 1 – sett saman av kor mange poeng dei oppnår innan fire område: økonomisk deltaking og moglegheiter, utdanningsnivå, helse og overleving, og dessutan politisk deltaking.

Noreg og Island har i fleire år hatt dei to topplasseringane, med unntak av 2016, då Finland gjekk forbi Noreg. Finnane ligg i år på fjerde plass, rett bak Sverige, som tek den siste pallplassen.

Les også: Korleis er det å vere 18 i 2018?

Berre dei sju øvste på lista er meir enn 80 % likestilte

Dei andre landa på topp-ti-lista er Nicaragua, Rwanda, New Zealand, Filippinane, Irland og Namibia. Dei sju første landa på lista er dei einaste som oppnår ein poengsum på meir enn 0,8, noko som indikerer at landa er meir enn 80 prosent likestilt. Dersom eit land hadde oppnådd perfekt likestilling, ville poengsummen vorte 1.

Innan utdanning er vi likevel berre på 41.-plass, sidan ei lang rekke land får full pott og 1 poeng.

Helse er det området der det er minst som skil landa i verda. Det gjer at Noreg hamner på ein 95.-plass. Og innan politikk er vi på tredjeplass.

Les også: Fleire menn blir vernepleiarar