Vekas musikktips frå Jon Olav – julespesial
No er dagen her snart og det er på tide å hente fram julemusikken. Her er mine tre julefavorittar.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
«Nordnorsk julesalme»
Det er sjeldan eg er veldig patriotisk, men denne er ein av to som vekker denne følelsen i meg. Den andre er «Nordmannen», av Ivar Aasen.
Eit av temaa i julesalmen er fjorden, og eg mistenker at det er blant grunnane til at eg likar han så godt. Når eg sit og høyrer på den i Oslo, lengtar eg heim til vene Sunnmøre.
Songen gjer meg også litt stolt av forfedrane våre som busette seg langs fjordane og sleit seg gjennom dei harde vintrane og bana veg for oss kom etter.
Eg syns det er litt småteit å tenke det. Det er liksom så fjernt. Men songen får meg likevel til å tenke det.
«Du ser oss i mørketidslandet, du signe med evige ord. Husan og fjellet og vatnet og folket som leve her nord». Trygve Hoff
Originalt er det ein song av Trygve Hoff. Det er kanskje naturleg nok at songen har vore mest populær i Nord-Norge, men det er også ein mykje brukt julesong elles i landet.
Første gong eg blei kjend med den var då Moddi gjorde ein versjon på utgivinga «Vi Tenner Våre Lykter» frå Kronprinsparets Fond. Ein nydeleg versjon å lytte til i innspurten til julaftan.
Moddi framfører Nordnorsk julesalme saman med Eggkleiva mannskor:
LES OGSÅ: Høyr Moddi spela «Deilig er Jorden» på nynorsk
«Tři oříšky pro Popelku – Motiv I. – Úvod»
Eller som dei fleste vil kjenne den igjen som; hovudtemaet til Askepott. Den desidert viktigaste låta for meg. Det er lite som skrik meir jul enn når eg set på NRK1 kl.11.00 på julaftan og pianotemaet strøymer ut av høgtalarane.
Dette er kanskje den songen som gir meg mest assosiasjonar av alle songar. Snø, dyne, søstrene mine, mandarin, sjokolade, glede, spenning, fortid, framtid og mykje, mykje meir. Songen har blitt eit slags symbol på sjølve jula for min del og alt denne dagen har å by på.
Filmen har blitt fast inventar i jula i ikkje mindre enn femten land. Det er noko merkverdig at det er akkurat den austtysk-tsjekkoslovakiske filmatiseringa av det kjende eventyret som er mest populær.
Mange andre har laga versjonar av eventyret, blant anna Disney.
Men i jula tyr vi altså til ein film der vi ikkje ein gong skjønnar språket og i tillegg er det kun ein person som dubbar alle stemmene.
Ikkje at eg har noko i mot å høyre stemma til Knut Risan altså, men det er fortsatt litt snodig.
Kva som gjer at den er blitt så populær er vanskeleg å seie. Kanskje er det akkurat musikken?
LES OGSÅ: Har pussa opp Askepott
«Glade jul»
Rundt klokka fire på julaftan kjem det luskande ein følelse som berre kjem ein gong i året. Det er stille i huset, lukta frå middagen breier seg i huset, og vi er i ferd med å gjere oss klare til det mest salige måltide i året.
Eg sit i finstasen og lurer litt på kva som ligg under juletreet, samtidig som eg les i eit julehefte. Då er det på tide å leite fram Oslo Gospel Choir sin CD og bla fram til «Glade Jul» og la julefreden senke seg.
For meg er det ein av songane eg må høyre før det kan bli skikkeleg jul. Gjerne også rett før eller rett etter juleklokkene kling over høgtalaranlegget frå NRK P1 si sending av gudstenesta som er akkompagnert av Sølvgutane. Akkurat då er det også tid for årets mest høgtidlege familiære klemmeseanse.
Og då. Då er det jul.
Høyr Oslo Gospel Choir syng Glade Jul: