Ungdomen var oppgåva vaksen
Etter dei tragiske hendingane på Utøya og i Oslo, har heile det ungdomspolitiske miljøet framstått som modne, reflekterte og vaksne. Eg trur ungdomspartia vil bli sett i eit anna og meir positivt lys framover.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Ungdomspolitikken har ofte vore sett på med rynka augebryn. Mange har snakka dels overberande, dels sarkastisk om utklekkingsanstaltar for politiske broilerar og tvilsame utspel. Slike haldningar er sjølvsagt ikkje heilt utan rot i sanninga. Nokre av dei viktigaste oppgåvene til ungdomspartia er jo trass alt å rekruttere politiske talent til moderpartia, og å kome med dei halvsprø forslaga som ingen andre vågar å snakke høgt om. Slike forslag kan for øvrigt bli seriøs politikk fortare enn mange trur; Unge Venstres «virkelighetsfjerne» forslag fra 2006 om heroinassistert behandling er eit døme på det.
Terrorhandlingane på Utøya og i Oslo råka ungdomspartia på ein heilt spesiell måte. Kanskje ville det vore annleis om 22. juli-åtaka var blind vald mot tilfeldige offer. Men det var dei ikkje. Det var målretta vald mot engasjert ungdom, og mot verdiane dei stod for; mangfald, openheit og toleranse. Verdiane som gjerningsmannen gjekk til åtak mot står vi saman om i det ungdomspolitiske miljøet. Vi føler nok alle at vi kunne blitt råka av det same åtaket. Nettopp difor føler vi nok alle eit ekstra ansvar for å halde fram med å kjempe for demokratiet, å halde fram med å engasjere oss.
Eg trur synet på ungdomspartia kjem til å endre seg etter det tragiske som skjedde på Utøya. Alle ungdomspartia, ikkje minst leiinga i AUF, har framstått som modne og reflekterte i etterkant. Ungdomen har vist seg oppgåva vaksen. Ein del har allereie byrja å snakke om «Utøya-generasjonen», og at dagens ungdomspolitikarar for alltid vil dele eit felles erfaringsgrunnlag som vil prege norsk politikk dei neste tiåra. Dersom dette erfaringsgrunnlaget er synet av 150.000 osloborgarar på Rådhusplassen, som løfta blomar og hender for meir demokrati og meir openheit, ja, då trur eg vi går ei lys framtid i møte.